Hopp til innhold

Politikar beklagar bombe-spøk

– Det var ein veldig dårleg spøk, innrømmer politikaren som utløyste bombealarm i bystyret i går.

Øystein Bønes

BEKLAGAR: Øystein Bønes beklagar den dårlege spøken, blant anna overfor fleire overlevande frå Utøya som var til stades i bystyret i går.

Foto: Miljøpartiet De Grønne

Øystein Bønes har i praksis fått taleforbod frå partiet sitt Miljøpartiet De Grønne, etter at han utløyste evakuering og væpna politiaksjon i Bergen bystyre i går.

Både han sjølv og leiinga i partiet viser til eit intervju han gjorde med Bergens Tidende i går kveld, og seier han ikkje vil uttala seg til nokon andre.

Beklagar overfor Utøya-offer

– Eg beklagar overfor medlemmene i bystyret som blei utsette for dette, seier Bønes til avisa.

Ein av dei evakuerte frå bystyret, Kjetil Vevle, er ein av dei overlevande frå Utøya.

Vevle sa i går at han blei veldig skjelven og syns det som skjedde i bystyret var ekkelt å oppleva.

– Eg beklagar også overfor Utøya-offer som var i salen, seier Bønes.

Væpnet politi

VÆPNA AKSJON: Politiet arresterte Bønes etter kort tid.

Foto: Andreas Grimsæth / NRK

– Var meint som ein spøk

Bønes var innom toalettet i Gamle rådhus i ein pause i bystyremøtet, då han snakka til Høgre-politikar Peter Chr. Frølich. Bønes seier det første han sa blei misforstått, og det andre var meint som ein spøk.

«Du har kort tid igjen» var ifølgje Bønes meint som at det var kort tid igjen til pausen var slutt og møtet skulle halda fram.

Bønes hadde ein sekk på ryggen, og Frølich spurte kva Bønes hadde i sekken. Bønes seier han svarte at det var politiske dokument, og at resten var fylt med sprengstoff.

– Eg sa det med eit smil. Det var meint som ein spøk, seier Bønes.

Kort tid etter gjekk bombealarmen i Bergen.

– Ekstremt dårleg humor

Tom Sverre Tomren

LIKAR IKKJE HUMOREN: Tom Sverre Tomren seier humoren til Bønes var ekstremt dårleg.

Foto: Karoline Kalsveit / NRK

Tom Sverre Tomren i Miljøpartiet De Grønne seier partiet har bestemt at Bønes ikkje bør uttala seg noko meir om saka.

– Dette er ekstremt dårleg humor. Samtidig er det viktig for oss å ta vare på han, seier han.

Tomren seier partiet ikkje har nokon tradisjon for å ekskludera partimedlemmer. Men han vil ikkje uttala seg skråsikkert om kva følgjer saka vil få før dei har drøfta det nærare.

– Utgangspunktet er at vi er eit ope og raust parti, som også skal vera ope for folk med dårleg humor, seier Tomren.

Etter fleire timar i avhøyr og på glattcelle, skreiv Bønes i går kveld under på at han godtar ei bot for det som skjedde.