Hopp til innhold

– Jaktlaget er i sjokk

Eit kriseteam har jobba gjennom heile natta og søndagen etter jaktulukka laurdag kveld.

Ei tverrfagleg gruppe med prest, kommunelege og psykiatrisk hjelp har tatt hand om resten av jaktlaget sidan ulukka skjedde.

Les òg: 22-åring fra Haugesund drept av vådeskudd på jakt

– I sjokk

Ein 22 år gamal mann frå Haugesund døydde i ei jaktulukke i Masfjorden laurdag kveld.

– Dei er i sjokk. Det var vel som venta, seier kommunelege Rolf Martin Tande til NRK.no.

Det var sju personar med i jaktlaget, og dei fleste var i byrjinga av 20-åra. Ulukka skjedde laurdag kveld i Masfjorden i Nordhordland.

– Me tilbyr dei omsorg og bistand. Dei er naturleg nok svært prega av hendinga og dei har behov for å ha menneske rundt seg no, seier Tande.

Kriseteamet har og hatt tett kontakt med dei pårørande. Medlemmane i jaktlaget er frå ulike fylker og regionar i landet.

– Me har hatt kontakt med heimkommunane og sikra oss at det er kompetente folk som tek imot dei når me sender dei frå oss, seier Tande.

– Fryktelig tragisk

Masfjorden er ein stor jaktkommune, med mykje hjort.

– Det er ei frykteleg tragisk hending både for dei som var involvert og dei pårørande. Slike ting skal jo ikkje skje, seier ordførar Karstein Totland.

Redningsmannskapet som var på staden skal samlast søndag kveld for å snakke om ulukka og redningsarbeidet.

Blir avhøyrde i kveld

Ein av jegerane som var med jobba sjølv på det lokale lensmannskontoret. Etterforskinga er difor flytta til politiet i Bergen sentrum.

Les òg: Politistudent med i jaktlaget der en mann døde

Politiet skriv søndag i ei pressemelding at dei tek sikte på å avhøyre alle som var involverte i hendinga i løpet av dagen. Førebels vil så langt ikkje seie noko om kva som skjedde då den 22 år gamle mannen frå Haugesund døydde, men det er klart at mannen vart truffen av eit skot i brystet i 18.30-tida.