Hopp til innhold

Mann pågripen for brannstifting

Ein mann i 30-åra er pågripen for brannstifting i ein bygard i Bergen sentrum.

Brann på Møhlenpris

STOR UTRYKNING: Det var store styrkar frå brannvesenet på brannstaden i natt.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Brann i postkasse

POSTKASSE: Den eine brannen starta i ein postkasse inne i gangen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

Brannen i Professor Hansteens gate på Møhlenpris i Bergen sentrum blei meldt klokka 23.42 i går kveld.

Då brannvesenet kom fram viste det seg at det brann to plassar i bygarden.

Brann i teppe og postkasse

– Den eine var i ein postkasse, den andre i eit teppe på ein veranda på baksida av bygget, seier brigadeleiar Kjell Heggdal i Bergen brannvesen til NRK.no.

Brannvesenet gjekk inn frå motsett side av kvartalet i Welhavens gate for å komma til brannen på verandaen. Dei oppdaga brannen i postkassen i inngangspartiet seinare.

Brann på Møhlenpris

SLØKT ETTER KORT TID: Brannfolka fekk raskt kontroll på brannen.

Foto: Sølve Rydland / NRK

– Det tyder på at brannane var påsett, og politiet etterforskar saka, seier Heggdal.

Han seier det var ganske enkelt å få sløkt brannen.

– Me har oppretta sak, og vil etterforska brannane, sa politiet sin innsatsleiar Rune Vedeler til NRK.no i natt.

Ein mann sikta

Politiet opplyser laurdag morgon at ein mann i 30-åra er pågripen og sikta for brannstifting.

– Han blei pågripen rett etter midnatt, og vil bli avhøyrt i løpet av dagen, seier politiadvokat Liv Giertsen i Hordaland politidistrikt til NRK.no.

Ho seier at mannen har ei tilknyting til staden, men kan så langt ikkje gje fleire detaljar om kva dei byggjer mistanken på. Pågripinga skal ha skjedd heilt udramatisk.

– Vi ser sjølvsagt alvorleg på denne saka, seier Giertsen.

Politiet trur at mannen tente på brannane aleine, og har såleis ingen andre mistenkte.

Kriminalteknikarar frå politiet skal undersøkja brannstaden.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.