Hopp til innhold

Maks uflaks på Matre

Gutane frå Masfjorden fekk eit brutalt møte med Klassequizen, men tok det med godt humør.

– Det var likevel ein opplevelse for livet å vera med. Det er ikkje alle som får vera med på NRK, seier Lars Rognald, mens han smiler tappert.

Saman med Simen Fosse og Reuben Kjetland representerte han Matre skule i NRK sin kunnskapskonkurranse for 10 klassingar.

– Det var litt vanskelege spørsmål, men vi burde klart kva dato som er FN-dagen, meiner Reuben.

– Vi skal klare oss

I kategorien «LYD» kom det eine poenget, då laget fekk spørsmålet:

«Låten "Closer" blei årets mest spelte på radio i 2011. Kva heiter kvinna frå Vaksdal som debuterte med denne singelen?»

Rett svar var Frida Amundsen, noko Matre-laget ikkje stussa på. Det blei verre i kategoriane «FORENTE» og «RØDT, KVITT OG BLÅTT», der det ikkje blei nokon rette svar. Då hjelper det lite å seie at laget var svært nær rett svar på mange av spørsmåla.

– Deppa?

– Nei, vi skal klare oss, svarer Lars.

RESULTATLISTE INNLEIANDE RUNDE

PLASSERING

SKULE

KOMMUNE

POENG

 

1

Lindås

12

FINALEKLAR

2

Vaksdal

10

FINALEKLAR

 

 

 

 

 

 

Meland

9

 

 

Lindås

9

 

 

Sveio

9

 

 

Bergen

9

 

 

Kvinnherad

9

 

 

Bergen

9

 

 

Bergen

9

 

 

Granvin

8

 

 

Os

8

 

 

Os

8

 

 

Bergen

8

 

 

Meland

7

 

 

Osterøy

7

 

 

Ullensvang

 

 

Kvam

7

 

 

Masfjorden

1

 

Ekspander/minimer faktaboks