Hopp til innhold

Åtvarar mot offpiste-køyring etter stormen det siste døgnet

Dei på ski bør ikkje køyre utanfor oppmerkte løyper, og isklatrarar bør vere ekstra forsiktige. Det seier skredforskar Krister Kristensen, spesielt etter vêrforholda i Midt-Noreg og på Nordvestlandet det siste døgnet.

Snøskred i Sunndal

Snøskred, som dette i Sunndal, kan kome ekstra lett etter vêrsituasjonen det siste døgnet. Skredforskar Krister Kristensen ber folk vere varsamme.

Foto: Øyvind Johan Heggstad

Det er nysnø – 30 til 40 centimeter i djupn – i kombinasjon med vind som kan føre til svært farlege forhold, fortel Kristensen.

Han er skredforskar ved Noregs Geotekniske Institutt.

– Det er ein nokså ustabil situasjon, slik forholda er no.

Lesider, der snøen har lagt seg ut, kan vere ein utløysande faktor.

– Der kan ein fort løyse ut flakskred, spesielt om ein ferdast der det er litt bratt, seier Kristensen til NRK.no.

Mange uheldige forhold på same tid

Skredforskar Krister Kristensen

Skredforskar Krister Kristensen ved NGI.

Foto: NRK

Langvarig frost på bar mark har ført til tele og tilfrosne elvar og bekkar oppetter fjellsidene.

Når nysnøen så legg seg oppå dette, og attpåtil blir blåst opp i skavlar, aukar faren for både snø- og isras.

Også i områda der det frå før låg snø kan rasfaren auke, meddeler skredforskaren.

– Det det ligg noko snø på førehand får ein ei omdanning av snødekket. Dette gjer det ustabilt.

– God glideflate

– I tillegg har ein funne utjamning i terrenget, som gjer at det blir veldig god glideflate for snøen oppå, slår Kristensen fast.

–Er det spesielle område eller hellingar som er ekstra farlege i noverande situasjon?

– Ja. No kjem vêret frå nordvest, så det er gjerne lesidene som ligg i nordvest vindretning ein må passe ekstra på.

– Men det er vanskeleg for meg å seie eksakt kvar hen. Det er nokså lokalt, avsluttar skredforskaren ved NGI.