Hopp til innhold

– Skremmande om nattarbeid faktisk er farleg

Det skjer lite og ingenting, ein er tidvis mutters åleine i mørket og ekspertane kjem med åtvaringar. Så kvifor er snart 400.000 nordmenn nattarbeidarar?

Lys vaken, midt på natta

37 år gamle Stian Røyset har jobba om natta i 15 år. Han køyrer aviser når resten av landet søv, og stortrivst. Han er derimot svært så usikker på om han vil anbefale gjennomsnittsmennesket å jobbe om natta.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

  • Har du gode eller dårlege erfaringar med nattarbeid? Del meiningane og erfaringane dine i kommentarfeltet nedst i saka.

– Alle menneske er innstilt på å sove om natta og å vere vakne om dagen. Å endre på det skaper problem hos mange, fortel søvnekspert Bjørn Bjorvatn.

– Men nokre taklar nattarbeid godt, der det ikkje har så stor innverknad på kropp og sinn, seier Bjorvatn.

Mørkt og stille

Søndag natt, eller måndag morgon – det kjem an på auga som ser. Gradestokken har krype så vidt over null, og både bilvegar og fotgjengarfelt er glatte. Men først og fremst er det mørkt.

Røyset Transport

Midt på natta stoppar ein grå kassebil i Ålesund sentrum. Avisene skal ut, vi får bli med på turen.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Øvst, mellom bygningane, lyser kjende Fjellstua i Ålesund så svakt. Gatelyktene viser vegen inn i hjartet av byen, der det meste står stille.

Klokka 02.45, etter 15 minutt ute i kulda, kjem ein grå kassebil. Blant dei einaste bilane underteikna får sjå denne natta.

– Hei!, kjem det frå ein mann i det eg opnar bildøra.

Stian Røyset, 37 år. Fastbuande i Ålesund, lukkeleg gift og med ein son på 2,5 år i heimen.

Sidan 1998 har han jobba om natta. På jobb litt over midnatt, i seng når folk flest er på veg til jobb.

Eg har kompisar som har sagt «Å, stakkars deg som må jobbe om natta». Men det er det eg er innstilt på. Det hadde vore verre for meg å få kontrabeskjed om at eg måtte gå til ein kontorjobb på dagtid heile tida. Då hadde eg gått rett i kjellaren.

Stian Røsyet (37), nattarbeidar sidan 1998

Ein fascinasjon å ha verda for seg sjølv

– Det er vel faktisk mitt 15 år som nattarbeidar no, ja.

37-åringen hadde ein plan om å bli ingeniør, etter militæret. Han byrja på høgskulen i Ålesund.

– Men det var ikkje noko for meg. Og då avisbilen blei ledig starta eg mitt eige firma. No har eg sju tilsette.

Avisene må ut, og Stian Røyset gjer at du og eg får lest aviser – dei avisene ein faktisk kan halde i hendene – kvar morgon. Bilen er fullasta med plastikkpakka aviser.

– Då eg var ung syntest eg det var litt fascinerande å vere vaken når ingen andre var det. Fascinasjonen er den same i dag, seier Røyset i det han svingar inn på hovudvegen i Ålesund.

Saka held fram under bildet.

Bjørn Bjorvatn

Bjørn Bjorvatn er professor ved Universitet i Bergen og forskar ved Nasjonal kompetansesenter for søvnsjukdommar.

Foto: Anette Berentsen / NRK

– På gruppenivå er det ikkje sunt

For Røyset er nattarbeid nærmast sjølvsagt. Han er eit ekstremt B-menneske, ifølgje seg sjølv. Det er derimot ikkje for alle, og det er påvist mange negative helseeffektar.

– Ein kan få søvnproblem, mage- og tarmproblem, hjarte- og karsjukdommar og det er også påvist ein auka kreftrisiko, då spesielt brystkreft.

Det seier professor og søvnekspert Bjørn Bjorvatn. Etter svært mange år i møte med nattarbeidarar har han sett mange som slit.

– Dei fleste er friske og taklar det godt, men på gruppenivå er det ikkje sunt.

– Min bodskap er at ein bør unngå nattarbeid om mogleg. Og den aukande trenden med nattarbeid i alle moglege samanhengar synest eg er uheldig, seier Bjorvatn til NRK.no.

Det hindrar likevel ikkje mange hundre tusen nordmenn frå å jobbe natt.

Saka held fram under statistikken.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

369.000 nordmenn har arbeid om natta

For ifølgje Arbeidskraftundersøkinga til Statistisk sentralbyrå (SSB) jobbar i alt 369.000 nordmenn natt, anten av og til eller regelmessig.

Som ein ser i tabellen over jobbar 105.000 nordmenn om natta regelmessig, der mennene utgjer 59.000 og kvinnene 46.000.

– Når ein ser på utviklinga dei siste 10 åra bør ein i tillegg sjå på sysselsetjinga totalt. Då er talet relativt stabilt.

Det seier Inger Håland, rådgjevar i seksjons for arbeidsmarknadsstatistikk i SSB.

– Kvifor det er overvekt av menn som jobbar om natta veit vi ikkje, fortel Håland.

Det er derimot fleire mannsdominerte yrke, mellom anna transportnæringa og petroleumsnæringa, der nattarbeid er ein del av kvardagen. For kvinnene er det innan helsesektoren flest jobbar natt.

Saka held fram under grafikken.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Skremmande om det faktisk er farleg

Tilbake på Sunnmøre, i tunnelen mellom Ålesund og øyane Valderøya og Vigra.

– Det er ikkje mange eg møter, men det er litt av gleda med å jobbe om natta, seier Stian Røyset.

Heilt åleine...

Stian Røyset, mutters åleine på Ålesund lufthamn Vigra. Alle avisene ein får på flyplassen kjem ikkje dit utan vidare ...

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Langs vegen er det fleire stopp, der store stablar av aviser skal ut. På eitt av stoppa fortel Røyset at nattarbeidet eigentleg var tenkt mellombels.

– Men eg sit no her enno. Uavhengig av alt har eg alltid hatt lyst til å styre dagen sjølv. No styrer eg natta, ikkje dagen, smiler 37-åringen.

Etter 15 år jobbande i mørket er han godt klar over at det finst folk som blir sjuke av kontinuerleg nattarbeid.

– Eg veit at mange ekspertar seier det ikkje er superbra, men eg synest rett og slett det er utruleg behageleg.

– Likevel er det skremmande dersom det faktisk er farleg, men eg føler i alle fall ikkje nattarbeidet så veldig på kroppen. Likevel, eg vel dette heilt sjølv. Eg trur ikkje eg hadde orka å jobbe natt på for eksempel 7-Eleven, med fulle og travle folk, seier Røyset.

Saka held fram under bildet.

Rishi og Sudakar

26 år gamle Rishi Rajaradnam (t.v.) jobbar om natta på 7-Eleven i Ålesund sentrum. Kompisen Sudakar Sivagnanasundaram (22) køyrer taxi om natta.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Godt kjent med politiet

– Oioi, eg ser mykje morosamt på kveldane og om natta. I helga er det liv, latter og ikkje minst mange slagsmål!

– Om det blir store problem ringer eg berre politiet, flirer 26 år gamle Rishi Rajaradnam.

Han jobbar på nettopp 7-Eleven i Ålesund, noko han har gjort dei siste åra. Denne natta, natt til måndag, er roleg. I løpet av éin time er det éin person innom storkiosken.

Saman med Rishi sit Sudakar Sivagnanasundaram. 22 år gammal taxisjåfør og nattarbeidar.

– Dei einaste som er dumt med nattejobbinga er at så mykje av dagane går vekk. Eg kjem heim om morgonen, og får sjeldan sove før tidlegast 10.00, seier Sudakar.

Money, money, money ...

Dei to er opphavleg frå Sri Lanka. Etter å ha budd i Drammen og Kalvåg i Nordfjord har dei enda opp som nattarbeidarar i Ålesund. Mellombels, ifølgje dei sjølve:

Rishi og Sudakar

Ei relativt roleg natt til måndag, for Rishi og Sudakar. Ute er det mørkt, inne på 7-Eleven i Ålesund er det lyst og praten går livleg.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– For min del så trur eg ikkje det går over lang tid. Døgnet blir fullstendig snudd, fortel Rishi.

– Med livssituasjonen eg er i akkurat no så har det ikkje noko å seie om eg jobbar dag eller natt. Men taxi vil eg helst køyre på kvelden og natta, seier Sudakar.

– Løna er viktig, forstår eg?

– Heilt klart, gliser dei.

For dei to er det ungdommeleg mot og mykje søvn som gjer nattejobbinga kjekk.

– Kun nattarbeid over mange, mange år er eg ikkje lysten på. Og det er nok litt annleis no, utan familie og slikt, meiner Rishi.

Ein blir annleis rundt auga når ein er vaken heile natta. Det blir søvn heile dagen, det er problemet med nattarbeid.

Sudakar Sivagnanasundaram, 22 år gammal. Jobbar om natta som taxisjåfør

Store aldersforskjellar

For dei to, på 22 og 26 år, er det framleis lett å jobbe natt, på same måte som ei helg med «rangling» går greiare for yngre menneske.

– Om ein ser på problemrapporteringa med nattarbeid, så ser vi at det blir langt meir vanskeleg å takle nattarbeid dess eldre ein blir. Mange kvir seg etter kvart, seier søvnekspert Bjorvatn.

Han fortel at unge menneske enklare klarer å snu tilbake døgnet.

Bjørn Bjorvatn

Professor og søvnekspert Bjørn Bjorvatn fortel at både kroniske lidingar, som insomnia, og depresjon er problem ein kan møte på ved nattarbeid. Det inntreff derimot hos dei færraste.

Foto: Anders Leines / NRK

– Samstundes er risikoen større om ein byrjar med nattarbeid i ung alder. Det er ikkje slik at det er positivt for yngre og dårleg for eldre. Nattarbeid er eit nødvendig vonde, og noko ein bør vurdere veldig.

Dei store forskjellane er individuelle, men det er lett å gruppere i A- og B-menneske.

– For ekstreme B-menneske vil nattarbeid ofte vere enklare og betre enn dagarbeid, slår Bjorvatn fast.

Som ein ungdom i sommarferien

Vel framme på Ålesund lufthamn Vigra med «fly-avisene», mutters åleine – med ein journalist på slep. Stian Røyset er B-menneske av natur, ifølgje han sjølv.

– Det har hendt at eg blir lei nattarbeid når det snør sidelengs og ein verkeleg kavar, men firehjulstrekk og godt med glede er nok. Og nok kaffi då, humrar 37-åringen.

For han har jobbing på natta blitt rein rutine, med livet elles i vater.

– Eg søv ikkje på kveldane før eg byrjar på jobb. Eg jobbar til rundt sju om morgonen, før eg er vaken på dagtid som alle andre. Døgnet mitt er berre litt omrokkert.

– Du er som ein ungdom i sommarferiane, legg deg seint og står opp seint?

– Hehe, ja! Den einaste bakdelen med nattejobbinga er helgane, der det blir litt vel seint i seng.

– Og så er det litt annleis no når eg har toåringen heime. Han står opp cirka når eg kjem heim, så av og til blir det å halde seg vaken for å levere i barnehagen.

Saka held fram under bildet.

Kasteteknikken er på plass

Etter 15 år med aviskøyring har kastearma blir heller god. I tillegg er Stian Røyset ein stolt supporter og utnyttar av kaffiavtalar – alle stadar kaffiavtalar finst.

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

– Eg vakna plutseleg midt inne i buskene

Men det er ofte ekstra viktig å vere utkvilt når ein jobbar om natta, spesielt om ein ikkje søv like før ein går på jobb.

– Ein kan fort sovne bak rattet. Faren for trafikkuhell er større, meddeler søvnekspert Bjorvatn.

– Å, ja, det er viktig å sove nok. For meg som køyrer går det nesten ikkje an å vere daudtrøtt. Og eg har faktisk sovna medan eg har køyrt, fortel Røyset.

Spesielt éi hending, for mange år sidan, gløymer han aldri.

– Alle avisene var levert og eg skulle heim. Ein stad der vegen svingar svakt til høgre er der ein stor midtrabatt, med ein hekk på midten.

– Plutseleg vakna eg midt inne i buskene, bilen og meg. Det er ein utruleg vemmeleg følelse, seier Røyset.

Eg meiner det er langt farlegare å køyre når ein er utruleg trøytt enn med to øl innanbords. Sjølvsagt er det ikkje lov å køyre med promille, men ein bør vere utkvilt når ein skal køyre. Det er poenget mitt.

Stian Røsyet (37), nattarbeidar sidan 1998

Oppturar og nedturar

For i Røyset sin jobb er det ingen som kan vekke han om han sovnar i bilen, ein haug aviser eller på bagasjebandet på Vigra.

Gjennom heile arbeidsnatta møter han nærmast ingen, i motsetning til nattarbeidarane på hotella som opplever alt mellom himmel og jord

Likevel er natta staden å vere for 37-åringen.

Tipsa frå søvnekspert Bjorvatn ser ein i grafikken lenger oppe i saka. Det enkle tipset frå Stian Røyset, med nattarbeid som fag i 15 år er.

– Det er ikkje noko ein bør gjere om ein ikkje trivst med det. Trivst ein om natta, og kanskje toler litt å vere åleine, så rår eg gjerne folk til å prøve nattarbeid, avsluttar 37-åringen, som vil halde fram med nattarbeid så lenge det er kjekt.

  • Del erfaringar og meiningar om nattarbeid i kommentarfeltet under.