Hopp til innhold

Steinleggjarar melde til politiet

Fem britiske steinleggjarar blir melde til politiet, mistenkte for å ha køyrt med falske skilt og utan bilforsikring.

Fem britiske steinleggjarar blei søndag ettermiddag melde til politiet, mistenkte for å ha køyrt med falske skilt på ein bil, og utan bilforsikring på ein annan.

Rykte ut frå politiet

Operasjonsleiar Leif Arne Valderhaug

Operasjonsleiar Leif Arne Valderhaug ved Sunnmøre politidistrikt.

Foto: Synnøve Hole / NRK

To politibilar rykte ut frå politistasjonen i Ålesund sentrum då britane blei tekne inn for kontroll hos Statens vegvesen i Breivika.

- Først blei ein bil tatt inn for kontroll. Dei som var i bilen var ikkje spesielt samarbeidsvillige. Så kom det fleire britar til, og då det blei amper stemning, kontakta vegvesenet oss fordi dei kjende seg trua, seier operasjonsleiar Leif Arne Valderhaug.

På veg til Ålesund

Valderhaug seier dei ikkje har fått lagt inn personalia på alle som er omfatta av saka, men at det skal vere snakk om fem menn totalt. Han seier dei er steinleggjarar, men veit ikkje om dei har operert på Sunnmøre tidlegare. No var dei på veg gjennom Brusdalen til Ålesund, med utstyret i bilane.

Ber framleis folk vere på vakt

Politiet i ålesundsområdet gjekk for kort tid sidan ut i media og ba folk om å vere på vakt mot omreisande, utanlandske steinleggjarar. Politiet hadde då fått fleire meldingar om at dei opererte på Sunnmøre. Også året før var var dei same, truleg britiske, steinleggjarane i aksjon.

Les også:

Avskilta på staden

Dei to bilane som vegvesenet og politiet kom over søndag ettermiddag er ifølgje politiet no avskilta, etter at skilta på den eine altså skal ha vore falske, og forsikringa skal ha mangla på den andre.

- Vi har ein del etterarbeid, og vil mellom anna sjekke om skilta på den andre bilen også er falske. Vi er uroa dersom dei køyrer rundt utan forsikring, det kan bli ei katastrofe for andre, seier Valderhaug.