Hopp til innhold

Sportsklubben treng areal, men furtar ikkje over IKEA-inntog

I tre år har Sportsklubben Herd samarbeidd med Ålesund kommune om korleis eit stort område like ved Moa kan utnyttast. No har IKEA nasen langt nede i tomta, utan at styreleiar i Herd furtar.

Ikea i Trondheim

IKEA, her representert ved varehuset like utanfor Trondheim, er på veg inn i Møre og Romsdal.

Foto: NRK

– Vi ser positivt på at Ikea kjem til vårt område, til Ålesundsområdet. Det vil gi ein ny dimensjon.

Det meiner Arne Aambakk, styreleiar i Sportsklubben Herd.

Likevel kan IKEA skape store problem for klubben.

Arne Aambakk

Styreleiar i SK Herd, Arne Aambak.

Foto: Herskedal, Kjell / NTB scanpix

Vil få plassmangel

På måndag blei det klart at IKEA siktar seg inn på Ålesund (og Moa) som staden for varehus i Møre og Romsdal.

Den store tomta på Moa vil derimot fleire ta i bruk.

Det er venta at talet på born i Åse-Lerstad-området i Ålesund kommune aukar, noko prognosane for 2020 viser. Akkurat difor ønskjer Herd meir areal.

– Vi hadde plan om ishall, ein hall og leikeområde, seier Aambakk.

Han fortel at Herd har vore i kontakt og samarbeid med Ålesund kommune i tre år. Korleis ein kan nytte arealet på Moa, like nord for Spjelkavik kyrkje, har vore i fokus.

Ingen lovnader

Likevel har ikkje SK Herd fått ein einaste lovnad.

– Dette skulle sjåast i samanheng med reguleringsplanen som kjem i samband med Lerstad-vegen.

– No håper eg at vi i fellesskap skal finne fram til gode og konstruktive løysingar, fortel Aambakk til NRK.

Han meiner både IKEA og SK Herd kan få plass.

– Eg håper i alle fall det. Eg kjenner ikkje godt nok til dei konkrete planane til IKEA, men det er utruleg kva ein kan få til om ein kjem i lag og diskuterer.

No håper styreleiaren i Herd på ein god dialog med både Ålesund kommune og IKEA.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL