Hopp til innhold

Vil ha berre norske flagg 17. mai

Etter flaggbråket har 17. mai-komiteen i Ålesund uttalt at dei ønskjer norske flagg på nasjonaldagen. No håper dei på ro, etter mykje uønskt merksemd den siste tida.

17. mai Ålesund

17. mai-komiteen i Ålesund ønskjer at berre norske flagg skal brukast i barnetoget. Her fr¨17. mai i Ålesund 2011.

Foto: Madeleine Borge

Det melder Sunnmørsposten.

Til NRK fortel Roger Lindin, ein av medlemmene i komiteen, at 17. mai-komiteen ikkje vil gjere så mykje ut av denne saka.

– Vi har prata med Aspøy-skulen og det er ikkje noko stor sak for dei. Vi vil helst ha norsk flagg i 17. mai-toget, seier Lindin.

Komiteen ikkje hatt noko møte, og Lindin uttaler seg i håp om å få ein slutt på saka. Han meiner det heile har blitt blåst ut av proporsjonar.

Roger Lindin

Roger Lindin har vore ein del av 17. mai-komiteen i Ålesund i svært mange år. Han meiner kommunen burde avgjort «flaggsaka».

Foto: Hans-Olav Rise / NRK

Usann informasjon skapte kaos

Det var ein uskuldig førespurnad frå Aspøy skole i Ålesund har skapt stort rabalder den siste veka.

Barneskulen, med elevar frå mange ulike nasjonar, spurte 17. mai-komiteen i Ålesund om løyve til å bruke papirflagg med norsk flagg på eine sida og eit anna flagg på den andre.

Etter at Sunnmørsposten meldte saka, fekk den eit nytt liv i ein usann versjon på nettstaden Fyret.nu.

Fyret.nu skreiv at Aspøy skole ville fjerne norske flagg, noko Ålesund kommune måtte gå skarpt ut og avvise.

Saka held fram under bildet.

Fyret.nu sprer falske påstander på nett

Slik meldte Fyret.nu om flaggsaka i Ålesund. Ålesund kommune måtte fredag ettermiddag gå ut og avlive løgnene.

Foto: Skjermdump

Kjem ikkje til å jage nokon

Ordførar Bjørn Tømmerdal

Høgre-ordførar Bjørn Tømmerdal i Ålesund måtte fredag gå ut på kommunen sine sider for å tilbakevise falske påstandar.

Foto: Torild Øvrelid / NRK

Måndag ettermiddag skreiv Sunnmørsposten at 17. mai-komiteen i Ålesund har avgjort at dei helst vil ha berre norske flagg på nasjonaldagen.

Ordførar i Ålesund, Bjørn Tømmerdal (H), sa fredag at komiteen måtte ta ei avgjersle på førespurnaden frå Aspøy skole.

– Eigentleg er det ikkje vi som burde avgjort dette. Vi kasta ein ball til Ålesund kommune, og dei ville ikkje svare. Vi synest at det norske flagget bør nyttast på nasjonaldagen, men vi kjem ikkje til å jage ut ungar med andre flagg, fortel Lindin til NRK.

Han har både sett og fått høyre dei sterke meininga den siste tida.

– Ei grisefull dame ringte nettopp

Når NRK pratar med Roger Lindin i 17. mai-komiteen har han nettopp fått nok ein uønskt telefon.

– Ei grisefull dame ringte meg nettopp. Eg fekk ikkje skikkeleg med meg kva ho sa, men det var om debatten rundt flaggsaka.

Lindin håper på ro i debatten, men han har sine tvil.

– Det er kjedeleg med slik kontrovers. Vi hadde helst sett at dette ikkje blei ei sak. Vi har meir enn nok med å handtere arrangementet.

– Denne saka har blitt unødvendig ekstraarbeid for 17. mai-komiteen i Ålesund, fortel Lindin.

Akkurat no fokuserer komiteen på å arrangere nasjonaldagen på ein best mogleg måte.

– I framtida kan det vere vi konfronterer Ålesund kommune. Dei svarte at dei verken hadde ansvar eller plikt, noko vi synest er veldig rart, avsluttar Lindin.

NRK har stengt kommentarfeltet .