Hopp til innhold

Politiet gjekk til væpna aksjon i Kristiansund

Politiet i Kristiansund gjekk tysdag ettermiddag til væpna aksjon mot eit bustadhus. Eit ulovleg våpen var problemet.

– Vi gjekk til væpna aksjon i samband med ei forvaltningssak. Det gjeld våpenlova.

Det fortel operasjonsleiar Korman Garshol i Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

Bustaden politiet gjekk til aksjon mot var på Nordlandet i Kristiansund.

– Alt gjekk stille og roleg føre seg. Væpna aksjon var nødvendig for å vere på den sikre sida.

Éin mann arrestert

Garshol har ikkje detaljar om kva våpen det gjeld.

– Men det er eit våpen som er omhandla i våpenlova og som skulle ha vore registrert, fortel operasjonsleiaren.

Ifølgje politiet blei avgjerda om å gå til aksjon teke før i dag.

– Éin mann er no arrestert og sikta for brot på våpenlova. Det er for tidleg å seie kva som skjer vidare i saka, avsluttar Garshol.