Hopp til innhold

Politiet fryktar at gullsmedbande er på veg til Møre og Romsdal

Dei siste dagane har det skjedd fleire grove tjuveri i nabofylka. Varer for fleire hundre tusen vart stole frå ei gullsmedforretning i Førde i dag eller i går. No går politiet på Sunnmøre ut og åtvarar mot at tjuvane kan vere på veg hit.

Hol i veggen

Politiet undersøkjer kvar tjuvane kom seg inn på Handelshuset i Førde. Der er det stole varer frå gullsmedforretninga Bjørklund.

Foto: Marie Stafsnes Osland / NRK

I Sør-Trøndelag har det vore to gullsmedtjuveri dei siste dagane, og politiet leitar etter ein bande med tjuvar. Det siste tjuveriet vart oppdaga natt til torsdag av tilsette på kjøpesenteret i Rissa. Tjuvane skal ha kome seg inn i senteret ved å ta ut ei glasrute.

Også i Førde i Sogn og Fjordane var det stole gullvarer og klokker for fleire hundre tusen kroner. Tjuveriet vart oppdaga i dag. Ting tyder på at tjuvane kan ha gøymt seg i bygningen sidan onsdag og slege hol gjennom veggen for å ta seg inn i gullsmedforretninga.

LES OGSÅ:

Fryktar at dei kjem hit

Per-Martin Bjartan

Per-Martin Bjartan ber folk om å vere merksame dersom dei ser noko mistenkeleg utanfor gullsmedforretningar.

Foto: Brede Røsjø / NRK

No går politiet på Sunnmøre ut og åtvarar om tjuvane.

– Vi veit at tjuvane flyttar fort på seg over fylkesgrensene, så vi fryktar at dei kjem hit, seier Per Martin Bjartan. Han er politioverbetjent ved Sunnmøre politidistrikt.

Tar bilete utanfor butikken

Dei er slett ikkje ukjende med gulltjuveri. Seinast i februar vart det stole verdiar for rundt ein million kroner i Ørsta. I september i fjor vart Bjørklund Gull og Ur på Moa fråstole store verdiar.

Begge tjuveria vart gjort på profesjonelt vis og det vart brukt same metode med å sage hol i veggen for å kome inn i skapet med gullvarer. Også på Austlandet og i Bergen har det vore fleire liknande tjuveri.

Bjartan ber publikum om å vere merksame og seie frå dersom dei ser folk som går rundt utanfor butikkane og speidar og tar bilete. Politiet har vore i kontakt med kjøpesentra og åtvara dei. Dei fyl situasjonen nøye.

Created by InfoDispatcher

I februar vart det stole store verdiar frå Bjørklund i Ørsta.