Hopp til innhold

Ulstein Group vart utsett for dataangrep

I minst ei veke hadde uvedkomande tilgang til datafilene deira.

Tore Ulstein med ordrereserven

Mange kunne nok tenkt seg å få kloa i suksessoppskrifta til skipskonsernet Ulstein. Her frå ein presentasjon med visekonsernsjef Tore Ulstein (arkivbilde).

Foto: Arne Flatin / NRK

Industrispionasjen og dataangrepa vart oppdaga av selskapet rett før påske, skriv Aftenposten.

Veit ikkje kva som vart stole

Torild Bugge

HR-direktør og tryggleiksansvarleg i Ulstein Group, Torild Bugge, seier selskapet ikkje veit kva slags informasjon som har blitt stole frå dei.

Foto: Arne Flatin / NRK

Ifølge tryggleiksansvarleg Torild Bugge vart dataangrepet oppdaga fordi det var mykje unaturleg trafikk i datasystemet.

– Vi har hatt veldig gode tryggingssystem og brannmurar. Men dette viser at uansett kor gode tryggingssystem du har, klarer du ikkje å beskytte alt, seier ho til Aftenposten.

Konsernet har hatt problem med å finne ut kva for informasjon som blei henta ut fordi filene vart krypterte.

– Vi veit ikkje kva for data som er tatt ut og kan ikkje seie spesifikt kva som er stole. Vi er ei bedrift med stor internasjonal aktivitet, og har ein sterk posisjon når det gjeld innovasjon og utvikling, seier ho til avisa.

Melder saka til politiet

Konsernet melder no saka til politiet.

– Vi har valt å vere opne om saka for vi ønskjer at fleire vert merksame på denne typen industrispionasje, seier Bugge til Aftenposten.

Ulstein Group er eitt av 16 norske selskap som til no i år har opplevd dataangrep.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL