Hopp til innhold

Nektar å la terrorfrykta styre noregsferien

Turistar i Noreg nektar å la terrortrusselen styre ferieplanane. Men åtvarar nordmenn mot ein svært farleg situasjon.

Ruth Wienoebst, Andrea Schomburg og Jutta Bausch ved Fjellstua

Ruth Wienoebst (f.v.), Andrea Schomburg og Jutta Bausch nytte utsikta frå Fjellstua i Ålesund fredag. Dei vil ikkje la terrorfrykta prege ferien.

Foto: Synnøve Hole

Væpna politifolk ved turistskipet Empress til kai i Ålesund, talar eit tydeleg språk om ein ekstraordinær situasjon. Men turisttrafikken i byen går elles sin vante gang. Busslast etter busslast blir sende oppover mot byens utsiktspunkt, Fjellstua.

Tyske Jutta Bausch er på to vekers ferie i Noreg, og nektar å la terrortrusselen mot Noreg prege reisa.

– Eg kan ikkje tenkje på dette heile tida, for då må eg berre reise heim. Då må eg forlate dette landet no, seier Bausch.

Åtvarar nordmenn mot terror

Paco Olivares

Paco Olivares saman med eit spansk reisefølgje i ålesunds gater. Han meiner situasjonen i Noreg no er alvorleg.

Foto: Synnøve Hole

Torsdag formiddag blei det kjent at personar tilknytte ei ekstremistisk gruppe i Syria planlegg terror på norsk jord om få dagar.

Paco Olivares og det spanske reisefølgjet hans likar dårleg terrortrusselen mot Noreg, og åtvarar no nordmenn mot det som kan skje.

– Dette er ein veldig farleg situasjon. Det er trasig at det skjer, men det er uråd å få bukt med terrorisme, seier han.

– Vande med terrorfrykt

Olivares reiser med cruiseskipet Empress, som har plass til 1850 passasjerar. Torsdag var skipet i Geiranger, men der fekk dei ikkje gå i land, på grunn av terrorfrykta. Han seier spanjolane er vande med terror, og at det ikkje hindrar dei i å reise i Noreg no.

– Vi kjem frå Spania og har vore vande med den situasjonen i over 40 år. Så det å frykte terror er nesten normalt for oss, seier han.

Les også:

Forstår ikkje motivet

Familiefaren Jordi Campderrich, med kona Lidia, og borna Eric (10) og Paula (8)

Jordi Campderrich, med kona Lidia, og borna Eric (10) og Paula (8) på tur frå turistskipet Empress i Ålesund fredag.

Foto: Synnøve Hole

Spanske Jordi Campderrich er i Noreg saman med kona Lidia og dei to borna. Også dei måtte vente i fjorden utanfor Geiranger i tre timar torsdag. Han er ikkje redd for å reise i Noreg no.

– Nei, vi har ikkje sett noko unormalt eller merkeleg. Eg forstår ikkje kvifor nokon vil skade Noreg, det er eit fantastisk land, seier han.

Les også:

Fnyser av terrorfrykta

Arne Øvresæt

Arne Øvresæt besøkte fredag Fjellstua saman med eit nederlandsk reisefølgje. Han meiner terrorfrykta er overdriven.

Foto: Synnøve Hole

Ålesundaren Arne Øvresæt var fredag formiddag på ålesunds utsiktspunkt, Fjellstua, saman med eit nederlandsk reisefølgje, og han fnyser av terrorfrykta.

– Eg syns det er overdrive og er ikkje det minste redd for at det skal skje noko. Dersom dette var alvorleg meint, ville dei neppe varskudd på førehand, seier Øvresæt.

Vil sjå framover

Tyske Jutta Bausch seier det er viktig å ikkje la frykta prege for mykje av kvardagen – verken for fastbuande eller turistar.

– Eg trur det er veldig vanskeleg å leve med frykta heile tida, det er veldig gale for alle, så vi må bestemme oss for å sjå framover.

– Trur du det skjer noko?

– Nei, eg trur ikkje det, eg håper ikkje det, seier ho.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL