Hopp til innhold

Føler seg fri i Molde

Han var forfulgd og fengsla i heimlandet. No er fribyforfattaren Gilles Dossou-Gouin ute med eigne dikt på CD.

Han var forfulgd og fengsla i heimlandet. No er fribyforfattaren Gilles Dossou-Gouin ute med eigne dikt på CD.

– Smil. Når himmelen endeleg er skyfri, står ikkje rosene lenger på hovudet.

I ein bustad i Molde står Gilles Dossou-Gouin rakrygga og framfører eit av dei mange dikta sine. Han er akkompagnert av sangerinna Inger Johanne Brunvoll, som skapar fine tonar på pianoet.

Molde sin fyrste fribyfortfattar er no ute med eigne dikt på CD. Saman med Brunvoll øver han no til Bjørnsonfestivalen i neste veke.

Inspirerande fridom

Gilles Dossou-Gouin

FRI: Gilles Dossou-Gouin føler seg fri i Molde.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Eg blomstrar når eg er fri til å skrive når eg vil, kor eg vil og om dei tema eg vil, seier Dossou-Gouin der han sit i Molde.

Han tykkjer det er fantastisk å kunne uttrykke seg fritt.

Dossou-Gouin er mannen som gjekk frå tortur og fengsel i Benin i Vest-Afrika til å bli ein del av kulturlivet i Molde.

– Eg tykkjer kulturen og kulturlivet i Molde er heilt eineståande, seier ein tydeleg engasjert Dossou-Gouin.

Langvarig samarbeid

Inger Johanne Brunvoll

SAMARBEID: Dossou-Gouin og Inger Johanne Brunvoll har samarbeidt i fleire år.

Foto: Roar Strøm / NRK

Neste veke skal han opptre saman med Brunvoll på Bjørnsonfestivalen i Molde.

Men samarbeidet mellom dei to er ikkje nytt. Det har vore ein lang prosess. Omlag seks år har gått sidan samarbeidet mellom Brunvoll og Dossou-Gouin starta.

– Gilles kom hit på eit arrangement eg hadde. der spurte han om eg ville lage musikk til dikta hans, seier Brunvoll.

Moldesangerinna trengte ikkje lang tid før ho bestemmte seg.

– Eg sa sjølvsagt ja, og så fekk eg konseptet i handa.

Frå den gong har ballen rulla vidare, og den fyrste CDen til Dossou-Gouin er no klar.

Betydningsfull ordning

Rolf Orø

VIKTIG: Rolf Orø meiner Dossou-Gouin er ein viktig person i kulturlivet i Molde.

Foto: Roar Strøm / NRK

Rolf Orø, festivalleiar i Bjørnsonfestivalen meiner fribyforfattarordninga har betydd mykje for Molde.

– Ordninga gjer at vi får veldig spennande personar tilgjengeleg til både det eine og det andre arrangementet, Orø.

Han meinar Dossou-Gouin er eit viktig bidrag til kulturlivet i Molde.

– Dossou-Gouin har verkeleg utvikla seg her i Molde. Han har laga fleire bøker og no ein CD. Han er ein veldig viktig person.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL

Markering for samtykkelov utanfor Stortinget i Oslo.

Krev at ei samtykkelov kjem på plass no