Hopp til innhold

– Folk er nysgjerrige og opne for kommunereform

Mange skal bli færre og fleire skal få nye grenser. Det nye kommunekartet er i ferd med å bli til. Kommunalministeren ønskjer at reforma skal handle om korleis kommunane skal bli attraktive.

Kommunalminister Jan Tore Sanner

Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner ønskjer at kommunereforma skal handle om korleis kommunane skal bli attraktive for næringsliv og innbyggjarane. Tysdag skal han møte politikarane i Ørsta og Volda for å diskutere ei eventuell samanslåing.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Det er ingen tvil om at dette blir ein heftig diskusjon, mange stader også krangel. Kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner skal tysdag møte politikarane i Ørsta og Volda.

Fleirtal for reform

I Bergens Tidende står det tysdag at det er stort fleirtal blant innbyggjarane som seier ja til kommunereform som kan gi betre velferdstenester. Sanner fortel at han merker at innbyggjarane er nysgjerrige og opne for reform.

– I dei ti månadane eg har vore kommunal- og moderniseringsminister har eg opplevd at både innbyggjarar, næringsliv og kommunalpolitikarar er nysgjerrige på kommunereforma og korleis vi skal sikre attraktive kommunar i framtida.

– Kor mange kommunar vil du ha, og kor store skal dei vere?

– Det skal bli bestemt lokalt. Eg er opptatt av gode lokale prosessar. Diskusjonen bør ikkje starte med kor mange kommunar vi skal ha, eller kor mange innbyggjarar det skal vere i ei kommune, men ut ifrå korleir ei kommune skal bli attraktiv.

Sidan halvparten av norske kommunar allereie i gang med å gjennomføre reforma så er eg overbevist om at vi når fram med frivillige prosesser.

Jan Tore Sanner

Vil gjere kommunane attraktive

Han ønskjer at kommunereforma skal handle om korleis kommunane skal bli attraktive for næringsliv og innbyggjarane, og sikre sterke fagmiljø som kan gi innbyggjarane gode tenester. Han er overbevist om at møtet med Ørsta og Volda blir bra.

– Eg har hatt møte med ordførarane i Ørsta og Volda tidlegare, og eg er glad for å høyre at dei har starta samtalar om ei mogeleg samanslåing, fortel Sanner.

Det er no femti år sidan vi gjennomførte kommunereform i Noreg, og mykje har skjedd sidan den gong.

– Eg kjenner til dei historiske diskusjonane i begge kommunane, og at dei no snakkar om samanslåing viser at debatten har kome langt i Noreg. Eg er glad for at det er eit breitt stortingsfleirtal som står bak reforma. Mange kommunar har allereie kome i gang, seier statsråden.

Vil ikkje bruke tvang

Han vil at det skal vere gunstig for kommunane som er med i reformarbeidet. Valforskar Anders Todal Jensen sa måndag at han trur det blir brukt tvang for å få gjennom kommunereforma. Sanner vil at kommunane skal slå seg saman på eige initiativ.

– Det er det som gir det beste resultatet. Sidan halvparten av norske kommunar allereie i gang med å gjennomføre reforma så er eg overbevist om at vi når fram med frivillige prosesser, seier ministeren.