Hopp til innhold

Rådmann må betale tilbake to månadsløner

Rådmann i Sandøy må betale tilbake to ekstra månadsløner som ho fekk i kompensasjon for meirarbeid.

Rådmann Ann-Heidi Orvik i Sandøy kommune må betale tilbake 130 000 kroner til kommunen

Rådmann Ann-Heidi Orvik må betale tilbake 130 000 kroner til kommunen etter at kommunestyret kritiserte forhandlingsutvalet for å ha gitt ho meir løn enn ho skulle ha.

Foto: Lena Høyberg / Sandøy kommune / NRK

Forhandlingsutvalet får kritikk frå eit samrøystes kommunestyre, skriv Kommunal Rapport.

Ordførar Hans Endre Sæterøy (H) og resten av forhandlingsutvalet i Sandøy kommune blei erklært inhabile då kommunestyret i torsdag kveld behandla saka om rådmannen.

Rådmann Ann-Heidi Orvik fekk ei godtgjering på to månadsløner, tilsvarande 130 000 kroner, etter ein medarbeidersamtale i mai i år.

Fastløn på 800 000 kroner

Det er no vedteke at ho må betale tilbake dette. Med gruppeleiar Malvin Harnes (H) i spissen fatta kommunestyret eit vedtak med kritikk av forhandlingsutvalet.

– Rådmannen har fastløn på 800.000 kroner, og i det ligg det at ho skal tole ein del meirarbeid. I delegasjonsreglementet står det også at forhandlingsutvalet skal legge saker av prinsipiell karakter fram for kommunestyret. Vi ser på dette som ei prinsipiell sak, seier Harnes til Kommunal-Rapport.no.

– Kva tenker du om at rådmannen må betale tilbake pengar ho fekk for eit halvt år sidan?

– Det er sikkert leit for henne å betale tilbake noko ho har fått. Men Sandøy kommune er i gang med innsparingar.

Ordføraren forsvarar Orvik

Ordførar Sæterøy er ueinig i kritikken, men tar den til etterretning.

– Eg er veldig skuffa fordi vi ikkje klarte å få fram grunnen til at vi gav rådmannen denne kompensasjonen. Eg meiner framleis at det var heilt naturlege grunnar til det, og at vi hadde rett og plikt til å gjere det, seier ordføraren.

Rådmann Ann-Heidi Orvik gir følgande kommentar via tekstmelding til Kommunal-Rapport.no:

"Viser til brev fra min fullmektig, som var tilgjengelig ved sakens behandling i går, men ble nektet lagt fram (..). Som part har jeg ikke fått noen mulighet til å medvirke til sakens faktum, og kjenner meg ikke igjen i den fremstilling som ligger til grunn for kommunestyret sin behandling. Ut over dette har jeg ingen kommentar".