Hopp til innhold

Bourbon Dolphin er gått ned

Bourbon Dolphin har sokke på 1100 meters djup. Det stadfestar administrerande direktør i Bourbon Offshore Norway, Trond Myklebust.

Bourbon Dolphin.
Foto: ITN

- Det er ein kritisk situasjon her, sa Myklebust, som er på Shetland, seint søndag kveld.

- Det einaste eg kan seie no er at båten er gått ned, sa han. Ankerhandteringsfartyet kantra torsdag ettermiddag, 75 nautiske mil utanfor Shetland.Sju overlevde forliset, tre er funne omkomne, og fem er framleis sakna. Truleg er desse fem framleis inne i Bourbon Dolphin som no har sokke.

Bergingsaksjon

Det pågjekk ein bergingsaksjon som skulle frakte båten inn til Collafirth på Shetland. Her var planen at det skulle gjerast eit nytt søk etter dei fem sakna.

- Slepet av Bourbon Dolphin hadde enno ikkje starta, seier Myklebust.- Båten låg i same posisjon, og slepebåten venta på dagslys. Men litt etter litt byrja båten å få slagside, og til slutt tippa han forover og sokk, seier han.

Årsaker

Claudia van Andel i det nederlandske bergingsselskapet Smit sa til NTB søndag kveld at grov sjø kan ha vore ei medverkande årsak til at skipet sokk. Bølgjene var då 4-5 meter høge.

Vaktsjef Neil Cumming i den britiske kystvakta seier til BBC at skipet var svært ustabilt og at det tok til å søkke straks det blei løyst frå oljeplattforma det var fortøydd til.

Redningsleiar Ian Burgess seier til Aftenposten at Bourbon Dolphin gradvis blei fylt med med vatn etter kantringa, og at spørsmålet meir var når enn om den ville gå ned.

Administrerande direktør i Bourbon offshore, Trond Myklebust.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK

Tungt for dei pårørande

- Det er svært tungt for dei pårørande som er att her på Shetland. Vi har hatt håp om at dei som enno ikkje er funne, var i båten. No vil det vere vanskeleg å få svar på det. I kveld trøstar vi dei som hadde håp om å sjå sine kjære igjen. Dette er utruleg trist, seier ein sorgtyngd Myklebust.