Hopp til innhold

Flest transportfødslar i landet

Møre og Romsdal er det fylket i Noreg som har flest fødslar under transport.

26 kvinner i Møre og Romsdal fødte i fjor under transport, viser tal frå Folkehelseinstituttet.

 

Dette talet er ein del høgare enn i resten av landet, med Nord- Trøndelag på andreplass med 16 fødslar under transport.

Ikkje bra nok vaktberedskap

Leiar i Den norske jordmorforening i Møre og Romsdal Elisabeth Jarnes meiner det er grunn til bekymring når så mange fødslar skjer på veg til sjukehus i Møre og Romsdal.

- Det er jo ingen som ynskjer å ha eit så høgt tal på transportfødslar. Det me ser som ein grunn til dette er at det er for dårleg vaktberedskap til å ha døgnkontinuerleg beredskap, seier Jarnes.

Betre hjelpte på sjukehus

Det som er så spesielt med transportfødslar er at ein ambulanse ikkje har den same plassen som ei fødestove. Dermed har dei som skal hjelpe til under fødselen dårlegare arbeidstilhøve enn dei ville hatt på eit sjukehus.

- I tillegg er det ikkje tilgjenge til det utstyret som ein vanlegvis har på ei fødestove. Det går både på smertelindringsmoglegheiter, hjelpemiddel og akuttberedskap, fortel Jarnes.

- Du jobbar med hendene, og håper naturen skal ordne det slik at alt går bra. Det er sjølvsagt mykje betre å få vere på eit sjukehus med alt innan rekkevidde, seier ho.

Ventar lenge

Kommunane Hareid, Ulstein, Herøy og Sande har eit samarbeid om døgnkontinuerleg jordmorteneste. Bjørg Barmen er kommunejordmor i Hareid og Sande, og trur lang reiseveg til sjukehus kan vere grunnen til at dei i fjor hadde ti fødslar under transport til sjukehuset. Til no i år har dei sju transportfødslar.

Det har vore spekulert i at kvinnene på ytre søre Sunnmøre ventar så lenge dei kan fordi dei veit at dei har jordmor med seg til sjukehuset, fortel Barmen, som legg til at ho ikkje trur dette er hovudgrunnen til dei mange transportfødslane.

Raske fødslar

- Eg vel å ikkje tru det, ut i frå dei erfaringane eg har. Det har ikkje vore kvinnene som har venta, og det har ikkje vore me som har nølt, seier Barmen. Ho meiner det i tilfella med transportfødsel har skjedd uventa fort.

- Me lukkast ofte med å roe ned kvinnene, og ofte opplever dei det som ein grei fødsel, nettopp fordi det går så kjapt, fortel Barmen.