Hopp til innhold

Lengre bompengeperiode i KRIFAST?

Presentasjonen av statsbudsjettet er tvetydig når det gjeld spørsmålet om bompengeperioden i KRIFAST skal utvidast . Fredag ettermiddag seier statssekretæren i Samferdselsdepartementet at dei ikkje har teke stilling til dette. 

I regjeringa sitt "fylkessamandrag" av budsjettet står det:

I budsjettforslaget blir det vist til at det er planlagd ei utviding av Krifastprosjektet, på E39.  Ei slik utviding skal skje gjennom forlenging av eksisterande bompengeinnkrevjing. Samferdselsdepartementet vil komme tilbake til saka, går det fram av budsjettforslaget."

I sjølve budsjettproposisjonen står det ikkje at utvidinga skal skje gjennom forlenging, der blir det berre vist til at fylket har vedteke at  utvidinga skal skje på den måten.

Statssekretær Steinulf Tungesvik i Samferdselsdepartementet seier til Tidens Krav at departementet enno ikkje har teke stilling til om bompengeperioden skal utvidast.

Prosjekt som tunnel gjennom Gjemnesaksla og utbetringa av riksveg 70 mot Tingvoll er mellom dei prosjekta som kan dra nytte av auka inntekter frå KRIFAST-bompengane.