Hopp til innhold

Siste høyring om Bourbon Dolphin

Den siste høyringa etter Bourbon Dolphin-forliset starta i Oslo onsdag formiddag. Spørsmålet om Bourbon Dolphin kan hevast, er framleis aktuelt.

Hovudtemaet  i denne høyringa er stabilitet.

To ingeniørar og ein direktør frå Ulstein Verft uttalar seg onsdag formiddag om stabiliteten til skipet som forliste utanfor Shetland 12. april. Deretter skal undersøkingskommisjonen høyre kva representantar for Sjøfartsdirektoratet har å seie.

Ikkje fotografering

Ulstein verft har bedd om at det ikkje blir tatt foto av dei tre tilsette som i dag forklarar seg for undersøkingskommisjonen. Visekonsernsjef Tore Ulstein seier at forholda i Ulstein er små, og at fotografering kan bli ei tilleggsbelastning for dei tilsette.

Heving?

Reiarlaget og dei pårørande prøver å finne ut om Bourbon Dolphin kan bli heva. I samband med det arbeider dei med å få tak i ein miniubåt.

- Ein miniubåt kan gi signal om det er reelt muleg å heve båten, seier administrerande direktør Trond Myklebust i Bourbon Offshore Norge.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL