Hopp til innhold

- Ingenting gale med designet

Ulstein Verft meiner at det ikkje var noko gale med designen på Bourbon Dolphin, som kantra utanfor Shetland i april. Det kom fram under den femte høyringa som starta i Oslo i dag.

Ulstein Verft forklarer seg i dag for høyringskommisjonen etter Bourbon Dolphin-ulukka. På spørsmål frå Gisle Fiksdal i kommisjonen om det var noko gale med designen til båten svarte viseadministrerande direktør Harald Møller klart nei.

Han sa også at det ikkje hadde kome klager frå reiarlaget etter levering, men at dei tvert om hadde fått mykje ros for båten. Men i etterkant av ulukka har dei ikkje selt ein einaste av same båttypen.

Ein direktør og to ingeniørar frå Ulstein Verft skal i vitneboksen før klokka 12.