Hopp til innhold

Klagar på heliskiing

Naturvernforbundet rosar enkelte kommunar i fylket for behandlinga av søknader om å drive ekstremskisport med helikoptertransport. Andre kommunar får sterk kritikk.

 Også denne vinteren har eit blad søkt om løyve til å lande med helikopter for å filme ekstremskisport på vanskeleg tilgjengelege stader. Behandlinga av klager over tilsvarande løyve sist vinter har ført til at iallfall nokre kommunar har lagt meir arbeid i vurderinga av desse sakene, seier Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. 

Heliskiing er alpinsport frå vanskeleg tilgjengelege fjelltoppar eller isbrear. Utøvarane blir frakta til topps med helikopter og renner seg ned att i laussnøen. 

Får ros

Naturvernforbundet rosar Stordal fordi kommunen har gitt eit løyve som er avgrensa til areal der det er mykje alpin aktivitet frå før, og vore medviten på at andre delar av kommunen skal vere frie for motorferdsel. Ørsta gjorde eit godt arbeid også i fjor med å avgrense løyvet, og har følgt dette opp no i vinter. Bladet som har søkt, får lov til å bruke noko av kommunen, men så mykje som råd i område som er påverka av støy frå før. Skal det først gjevast løyve, er dette ein god måte å løyse det på, sjølv om vi gjerne hadde sett eit mindre omfang, seier Naturvernforbundet.

Stillfaren turisme

- Med slike haldningar får vi lyst til å utøve enkelt friluftsliv i kommunen og fortelje det til andre. Kan hende vil det også vere grunnlag for ein type turisme som brukar slike område til stillfaren rekreasjon. Lokal sysselsetjing og varekjøp med ei slik verksemd kan også bety noko om ein får til eit slikt opplegg, noko helikopterløyva sjeldan gjer, meiner forbundet.

Kritikk

Naturvernforbundet er derimot kritisk til Stranda kommune, som har gitt sagt ja til søknadene for heile perioden og heile arealet utanom verna område. Også Sykkylven har gitt løyve utan særleg atterhald. Forbundet har no klaga på løyvene som er gitt i desse to kommunane, og viser til at motorferdselslova har som utgangspunkt at naturen skal vere fri for motorferdsel. Når slik verksemd blir driven år etter år med dispensasjon, er det ei utholing av lovverket. Skal ei slik framferd godtakast, skal det skje etter lovendring i Stortinget og ikkje etter unnataksvurderingar i kommunane, seier Naturvernforbundet.

Fortrengjer andre

Løyva som er gjevne, fortrengjer anna verksemd, både i friluftsliv og næringsliv. Naturvernforbundet kjem ikkje til å arbeide for vinterturismesatsing med grunnlag i urørte naturverdiar i Stranda og Sykkylven etter dette, seier forbundet i ei pressemelding, og legg til at reiselivssatsinga må bli meir berekraftig og dermed naturbasert enn ho har vore til no.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL