Hopp til innhold

Berre 2-2 for Hødd

Hødd spelte 2-2 på kunstgrasbana på Høddvoll mot divisjonskollega Alta frå Finnmark søndag, med kampstart alt klokka 11:45.

Rogvi Jacobsen og Oddbjørn Lie
Foto: MMS-foto:Arne Flatin / NRK

Hødd hadde klart flest sjansar og brente mellom anna eit straffespark. Likevel var det mykje positivt i det offensive spelet for Hødd-trenar Sture Fladmark.

Defensivt gjekk det ikkje like knirkefritt, og utlikninga til 2-2 10 minutt før slutt var ein generaltabbe av prøvespelar Kyle Veris. Han skulle slå ballen enkelt tilbake til keeper Vebjørn Skeide, men pasninga var alt for svak og vart snappa opp av ein Alta-spelar som scora.

Brente sjansar

Hødd leia både 1-0 og 2-1, medan det stod 1-1 til pause. Hødd burde ha scora då Rogvi Jacobsen vart dregen ned i feltet og fekk straffespark. Den færøyiske landslagsspissen tok straffesparket sjøl, men det var for svakt plassert og keeper redda. Returen burde Jacobsen ha sett enkelt i mål, men også denne redda Alta-målvakta. Same mann gjorde det godt igjen då han gav Hødd 1-0 på eit fint angrep. Likevel greidde finnmarkslaget å utlikne før pause.

Etter spel og sjansar burde Hød ha leia 3-1 etter første omgang. I 2.omgang var det også Hødd som skapte mest. Rogvi Jacobsen vann dei aller fleste duellane og saman med Eirik Hoseth på topp var duoen ein stadig trussel mot Alta-forsvaret.

Oddbjørn Lie spelte på backplass, men var ofte med offensivt og den kula han sende i veg som gav Hødd 2-1-leiinga var det verkeleg sus over. Han hadde eit liknande skot like etter, men då stod Rogvi Jacobsen i vegen. Så ti minutt før slutt utlikna Alta på generaltabba av Kyle Veris. Hødd-leiinga skal ta ei rask avgjerd på om dei vil innstille amerikanaren for kontrakt, så spørst det kor mykje vekt dei legg på fadesen som gav 2-2. Elles i kampen greidde Veris seg bra, og Hødd jaktar på ein midtstoppar.

Søndag mangla spelarar som Joachim Magnussen, Vemund Brekke Skard og Fredrik Klock. Alle tre vil nok kunne gå rett inn på laget til seriestart dersom dei er friske og raske.

På Hødd var Jacobsen og Hoseth gode på topp. Oddbjørn Lie greidde seg bra, medan kaptein Erik Sandal og Kjetil Paulsen på midtbana også jobba godt.

Hødd stilte med dette laget: Vebjørn Skeide- Mads-Andre Værnes- Finn Erik Stavseng- Kyle Veris- Oddbjørn Lie- Helge Edinsen -Kjetil Paulsen- Erik Sandal- Anders Vaagen- Rogvi Jacobsen – Eirik Hoseth.

Innbyttarar :Vegard Heltne og Andreas Kurseth.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL