Hopp til innhold

Vil ikkje nominerast på nytt

Gunn Berit Gjerde frå Hareid seier nei til å bli renominert i toppen av Venstres stortingsliste i Møre og Romsdal.

Gunn Berit Gjerde
Foto: Bjørn Sigurdsøn / Scanpix

I dag er ho vararepresentant på Stortinget. Når ho no seier nei til å stille på nytt i toppen av lista, er det av personlege årsaker.

- Det er av omsyn både til familien og meg sjølv, seier Gunn Berit Gjerde. Ho trivst svært godt med arbeidet i Stortinget, men finn seg ikkje til rette i Oslo.

- Er det vanskeleg å seie nei no når partiet ditt har fått eit løft på meiningsmålingane?

- Ja, det hadde vore spennande å vere med på oppløpet no når vi kan vere sikre på å få inn ein representant og har god sjanse på to. Men då måtte eg setje meg ned og tenkje: Kva tel mest for meg no? Og det er omsynet til dei eg har rundt meg.

- Men Leif Helge Kongshaug har enno ikkje svart på om han stiller på nytt - det blir ingen enkel situasjon dersom begge de to på toppen seier nei?

- Det kan sjå slik ut, men vi har mange flinke folk rundt om i fylket. Eg seier frå alt no slik at vi kan byggje opp nye folk og få dei fram i lyset så veljarane blir kjende med dei, seier Gunn Berit Gjerde.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL