Hopp til innhold

Føder fortsatt i bil

Talet på transportfødslar i kommunane Hareid, Ulstein, Herøy og Sande har ikkje gått ned etter at Eiksundsambandet kom på plass.

Nyfødt baby
Foto: Colourbox

Sjølv om reisevegen er kortare og ferja er borte, føder kvinner på veg til sjukehuset.

Hittil i år har sju gravide fødd under transport.

7. mai vart Anniken Gjerde mor for andre gong. Ho fødde i ambulansen på veg til sjukehuset i Volda. Ho er glad for at ho hadde jordmor med i bilen. Sjølv tenkte ho hadde det skulle gå greit å nå sjukehuset, sidan reisetida har vorte kortare etter at Eiksundsambandet kom på plass.

Illustrasjonsfoto
Foto: Colorbox

- Men i rundkøyringa i Ulsteinvik gjekk vatnet og på busslomma ved sidan av kom ungen. Så det gjekk fort, seier Anniken Gjerde.

At dei fødande slepp ferjeturen, utgjer ingen forskjel i talet på transportfødslar, seier jordmor Ellen Grete Bersås.

- I desse tilfellene har fødselen gått så raskt at det har ikkje vore mogleg å rekke det uansett, seier jordmora.