Hopp til innhold

Fryktar for utviklinga av Smøla

Ordførar Iver Nordseth i Smøla er ikkje roa etter eit møte med miljøverndepartementet om forslaget til verneplan.

Iver Nordseth (V)
Foto: Trond Vestre / NRK

Forslaget inneber at det blir lagt band på 275 kvadratkilometer sjø- og landareal, og verneplanen skal vere behandla av regjeringa før jul.

Gardbrukar Tore Kuløy på Smøla er redd planen kjem til å verne om eit for stort område.

- Dette er ein fortvila situasjon. Alle prosjekt blir lagt på is i påvente av denne planen, som kan kome til å legge beslag på 1/3-del av landarealet. Alle ventar på på kor stort det verna område blir til slutt. Kuløy meiner dette passifiserer smølaværingane.

- Kulturlandskapet har vel vore ivaretatt på Smøla i alle år. Viss ikkje hadde vi vel ikkje hatt noko kulturlandskap, spør Kuløy retorisk.

Ordførar Iver Nordseth deler frustrasjonen.

- Vi er svært engstelege for at miljøkreftene i regjeringa klarer å presse gjennom ein plan utan endringar på arealet. Nordseth fortel at dei i møtet med departementet diskuterte konkrete forslag til endringar, men at dei ikkje fekk nokon lovnad om at dette blir tatt tak i.

Kuløy har lita forståing for argumenta til regjeringa.

- Vi skal jo ha eit samfunn og ei utvikling vi også. Vi skal vel ikkje berre døy sakte hen, med ei ferje som kjem to gongar dagleg, der turistane skal få sjå korleis dei siste innfødde har det?