Hopp til innhold

Homo-ja gir misjon-nei

Fordi presten seier ja til homofilt samliv, seier Indremisjonen nei til å leige ut hus til konfirmantleir.

Sindre Stabell Kulø
Foto: Privat

Like over nyttår er siste gong konfirmantene i Fræna får bruke Frænabu når dei skal på konfirmantleir.

- Har ikkje tillit til teologien

Det er Nordmøre og Romsdal Indremisjon som eig Frænabu.

- Me leiger ikkje ut til ein konfirmasjonsprest med ei teologisk linje som me ikkje har tillit til, seier kretsleiar Arild Ove Halås til Romsdals Budstikke .

Dermed innkalte dei sokneprest Sindre Stabell Kulø til eit møte.

- Der kom det klart fram at så lenge eg er med kan ikkje konfirmantane bruke huset, seier Stabell Kulø til NRK.

- Trist at det vert slik

Soknepresten seier han er overraska over reaksjonen.

- Eg er overraska over at det vert så konkret som leige av ein leirstad. Om me er der eller andre stader er jo ein detalj i konfirmantopplegget, men det er trist at det vert slik.

Stabell Kulø begynte å jobbe som sokneprest i Fræna i sommar.

- Eg føler meg godt motteken her i Bud, og håpar dei som er usamde med meg likevel vil kome til Gudsteneste, seier den unge presten, som i fjor kritiserte Oslo-biskop Ole Christian Kvarme for å ta jobben frå ein homofil prest .

Står for synet sitt

Før møtet med Indremisjonen har han ikkje fått reaksjonar frå folk i Fræna på at han er positiv til homofilt samliv, og han har ikkje tenkt å ombestemme seg.

- Det handler om sanning og kva eg sjølv skal stå for. Eg kan ikkje stå som prest og lyge. Eg har ikkje hatt ei meining om dette heile livet, men etter å ha møtt folk som er berørte av dette og har følt det på livet, har eg tatt eit standpunkt, seier han.

Uvisst om konfirmantleir

Kva som skjer med konfirmantleirane framover er i det blå.

- Me er einige om at me får ha den konfirmantleiren me har planlagt i januar, og så må me sjå på alternativa. Enten må me finne ein ny stad å vere, eller så held dei fram med å vere i Frænabu utan at eg er med.

- Men det vil kanskje vere litt rart med konfirmantleir utan presten?

- Ja, det kan nok hende. Når me skal verte kjende med konfirmantane kan det jo vere ein fordel å vere til stades, ja.