Hopp til innhold

Folkemøte om skredfare

Ekspertar meiner faren for eit fjellskred i Romsdalen er så stor at det ustabile fjellpartiet Mannen må overvakast.

Romsdalen mot sør - Mannen innsirklet

Romsdalen sett frå Romsdalshorn mot sør. Fjellpartiet Mannen er innsirkla. Horgheim i nedste biletkant t.v.

Foto: Norge i 3D

Gjennom fjellområda Mannen og det flatare Børa litt lenger sør går det opne og til dels djupe sprekkar. 1200 meter over Horgheim har den fremste delen av Mannen glidd ut og ligg 15-20 meter frå toppen.

Rauma kommune har invitert til eit folkemøte på forsamlingshuset Gjøa på Marstein måndag 15. desember klokka 1830. Der skal Noregs geologiske undersøking orientere om rasfaren i dalen.

Til stades blir også representantar for Fylkesmannen, Noregs vassdrags- og energidirektorat, Jernbaneverket og Statens vegvesen.

Alvorleg signal

Lars Harald Blikra

Lars Harald Blikra

Foto: Tone Iversen / NRK

Lars Harald Blikra, fjellskredekspert i NGU, meiner rørslene i fjellet gir eit alvorleg signal om at det kan komme eit stort fjellskred. I ein rapport frå NGU går det fram at eit ustabilt fjellparti på 15-20 millionar kubikkmeter er i rørsle. GPS-målingar frå 2006 til 2008 viser at toppflata av denne blokka, dvs. 2-3 millionar kubikkmeter, bevegar seg i eit fall på nærare 50 grader og med ein fart på 5-6 cm i året.

Rapporten seier at mest sannsynleg går 2-3 millionar kubikkmeter ut i eitt skred. Det er også fare for at andre delar av frontpartiet kan bli med i skredet. Det er mindre sannsynleg at resten av det ustabile fjellpartiet glir ut i det same skredet.

Til samanlikning er det skredfarlege fjellpartiet ved Åkerneset i Stranda på 35 millionar kubikkmeter totalt. Eit stort flankeskred vil måle 10 millionar kubikkmeter.

Skredfaren er stor

- Vi vurderer den årlege risikoen for at det skal gå eit skred frå dette fjellområdet til å vere omkring 1/100. Det vil seie at faren er stor, seier Blikra. I plan- og bygningslova er ein risiko på 1/1000 den høgste tillatne. Risikoen for å misse livet i trafikken i Noreg er omkring 1/15 000 i året for kvar av oss, avhengig av kor lenge vi oppheld oss i trafikken.

Følgjene av eit skred

Eit slikt skred frå Mannen vil høgst sannsynleg krysse dalbotnen og øydeleggje hus, jernbana og europavegen. Dessutan kan Rauma bli oppdemt, med fare for flaum og dambrot, heiter det i NGU-rapporten.

NGU meiner at det må setjast ut instrument som heile tida måler rørslene i det ustabile fjellet.

Det ustabile fjellpartiet er oppdaga etter ei systematisk kartlegging av fjellskredfaren. NGU har samarbeidd med Møre og Romsdal fylke i mange år, og i dag er arbeidet ein del av eit nasjonalt kartleggingsprogram som Stortinget vedtok i 2007.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL