22.03.2010

Bytter ut norske sjøfolk

Siem Offshore (Foto: Øyvind B. Sæbjørnsen/NRK)

Siem Offshore byttar ut norske sjøfolk med billege utanlandske.

Siem Offshore tilset 150 utanlandske sjøfolk på åtte av skipa sine neste år - det er uvisst kor mange norske sjøfolk som må gå i land.

Mange sjøfolk fra Møre og Romsdal kan miste jobbene sine, frykter Geir Atle Gussiås i Sjømannsforbundet.

Geir Atle Gussiaas  (Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen/NRK)

Geir Atle Gussiås.

Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen/NRK

- Folk er forbanna. Dei har visst at ting har vore på gong lenge, og no har resultatet blitt det verst tenkelige. Det er jo snakk om at det skal vere veldig få nordmenn igjen på kvar båt, seier han.


Sjøfolk i fylket går tøffe tider i møte. Reiarlaget Siem Offshore erstattar nordmenn med utlendingar. Mange av dei berørte er frå Møre og Romsdal. Det er frykt for at det kan gå mot masseoppseiing av nordmenn i offshorenæringa.

Går over i NIS

I går kom beskjeden mange sjøfolk som er ansatt i Siem Offshore i Kristiansand har fryktet - rederiet flagger åtte av sine skip over til Norsk Internasjonalt Skipsregister og tar om bord 150 utenlandske sjøfolk. Allerede i janauar tar fire offshorefartøy utenlandske sjømenn om bord. Kor mange norske sjøfolk som kan bli tvunget til å gå i land, er førebels uvisst.

Dette gjeld supply og ankerhåndteringsfartøy med eit mannskap på 12-15 mann. Dei skal ha minst tre nordmenn på kvart skift - dei fleste offiserer. Rederiet lovar jobb til nokre av dei overtallige på flåtens planlagde nybygg, men der er begrensa plass - og heilt uvisst kor tid skipa skal bemannast. Derfor frykter mange av sjøfolka rundt om i landet at dei snart er utan hyre.

Har flagga heim 25 skip

Rederiet har nettopp flagga heim 25 skip i flåten. Da ble det sagt at vart gjort for å styrke verdiskaping og sysselsetjing i det norske maritime miljøet.

No fryktar dei tilsette at Siem Offshore har bana vei slik at fleire rederi også vil erstatta norske sjøfolk med billeg utenlandsk arbeidskraft.

Fryktar ringverknader

Tillitsvalgte, som Gussiås, frykter nå at mange no mistar jobben.

- Alt tyder på det. Vi har ein del nybygg på gong, vi håper at nokre kjem over dit. Men det ser ut som at eit stort overskudd må permitterast eller seiast opp.

Frykten er at dette no berre er ein begynnelse.

- Rederiane konkurrerar om kontrakter. Når nok fin måtar å senke utgiftane sine, må sikkert andre gjere det og, for å konkurrere. Så eg fryktar ein ringverknader utover heile flåten.

(NRK)

Bildegalleri frå Møre og Romsdal