Hopp til innhold

Fotograf hamna midt i skredet

Han skulle fotografere skred og stengde vegar. Brått vart han sjølv teken teken av lufttrykket frå skredet som kom dundrande ned fjellsida. Rundt han blei det bekmørkt.

Johnny Bjøringsøy

Johnny Bjøringsøy er tilbake ved Kvilebrekka der han blei teken av trykkbølgja frå skredet.

Foto: Privat

Johnny Bjøringsøy var ute på oppdrag for lokalavisa Mørenytt i Ørsta. Det uvanleg kraftige snøveret hadde ført til at skred stengde vegen til heimbygda Bjørke.

- Det blei brått mørkt

Han hadde akkurat vore og fotografert bommen som stengjer vegen til Bjørke. På vegen attende måtte han passere den velkjende fonna Kvilebrekka.

Stengd veg Bjørke

Dette er biletet som Johnny Bjørke tok for lokalavisa Mørenytt.

Foto: Johnny Bjøringsøy

- Eg er obs på at det går skred her. Men denne gongen tenkte eg ikkje på det. Men brått vart det mørkt kring meg. Dette var då ei voldsam snøbyge, tenkte eg først. Men så kjende eg trykkbølgja. Den var kraftig. Då forsto eg at eg var midt i skredet.

No kjem flaumen

Nytt skred i Sunndal

Einvegskøyring i Romsdalen

- Følte meg liten

Heldigvis sat Johnny Bjøringsøy i bilen sin. Trykkbølgja var kraftig. Bilen blei trykt inn mot autovernet.

- Heldigvis er det så pass mykje snø i vegkantane at dette tok av for støyten. Men noko slikt har eg aldri vore med på før. Eg følte meg veldig liten der eg sat. Rund meg hagla det med greiner og trekvistar. Det var rett og slett ei uhyggeleg oppleving, fortel Bjøringsøy til NRK.

Krev rassikringspengane no

Bilister trosser veisperringer

- Ville rygge vekk frå skredet

Ein god periode var det heilt mørkt kring Bjøringsøy og bilen hans. Han reagerte spontant og ville vekk frå området.

Kvilebrekka

Her i Kvilebrekka hamna Johnny Bjøringsøy midt i skredet og fekk kjenne den kraftige trykkbølgja.

Foto: Johnny Bjøringsøy

- Det første eg tenkte på var at eg måtte rygge vekk frå rasstaden. Men det var uråd. Alt var virvla opp kring meg. Det var mørkt og umogleg å sjå rundt meg. Heldigvis klarte eg å halde meg på vegen. Men det var altså trykkbølgja som hadde nådd meg. Då snø-støvet og alt som var virvla opp la seg, kunne eg sjå sjølve skredet kome sigande mot meg. Heldigvis la det seg til ro før det nådde vegen der eg sto, seier Bjøringsøy.

Gløymde kamera

Men då fotgrafen hamna i det store dramaet var den viktigaste arbeidsredskapen hans gløymt. Å kome seg vekk frå staden blei viktigare enn å fotografere.

- Eg sat i mørkre med greiner og kvistar fykande rundt meg. Rett nedanfor meg ligg vatnet. Eg hadde vore ille ute om eg ikkje kom meg vekk før snømassene kom. Eg tenkte meir på kva følgjer skredet ville få om eg blei pressa vekk frå vegen. Å ta bilete i denne situasjonen var rett og slett ikkje i tankane mine, seier Bjøringsøy.

Erling og Elsa er innestengt

400 personer klare til å rykke ut

Køyrer skulebussen

Johnny Bjøringsøy er ikkje berre lokal fotograf for lokalavisa. Han køyrer også skulebussen.

- Det var ei direkte uhyggeleg oppleving som får ein til å tenkje. Eg køyrer skulebussen, og eg tenkjer at bilen min heldigvis ikkje var full av ungar. Rett nok er vi vane til at det går ras og skred både sommar og vinter. Men eg får ettertankar etter å ha stått midt oppe i dette. Det er liksom eit varsel om at vi ikkje køyrer trygt her på våre kantar, seier Bjøringsøy.

Mange stengde vegar

Vegen der Bjøringsøy møtte skredet er berre ein av mange stengde vegar i området. Ei rekkje mindre fylkesvegar er stengde, men også store gjennomfartsårerer er stengde på grunn av skred og skredfare. Hovudvegen frå Ålesund til Austlandet er framleis stengd på Ørskogfjellet og Riksveg 70 i Sunndal er stengd på Oppdølsstranda.

Flaumen kjem

Meteorologisk institutt varslar veromslag, og NVE følgjer opp med varsel om flaum på heile Vestlandet. Det har kome mykje nedbør i form av snø. Sterk kulde i vinter har skapt eit tjukt lag med tele. Når mildveret kjem vil dette føre til oppstuving av is, og det er venta at elvar og bekkar vil føre til lokale flaumar.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.