Hopp til innhold

Få tek båtførarprøven

Frå 1. mai må alle under 30 år ha sertifikat for å køyre fritidsbåt over ein viss storleik. Men tre veker før fristen har berre to av ti båtførarar skaffa seg sertifikatet.

Gjestehavn

Båtsesongen er straks i gang. Frå 1. mai må dei fleste ha båtførarbeviset i orden.

Foto: Rainer Prang / NRK

Båtsesongen er i startgropa. Og hos dei som administrerer den nye ordninga stig uroa. Norsk Test har fått i oppdrag å organisere båtførar-eksamen og å skrive ut bevis. Det er urovekkjande få som har brukt vinteren til å ta båtførarprøven, seier Bernt Nilsen i Norsk Test.

- Vi ser dessverre at det er mange som ikkje har oppdaga at dei må ta båtførarbeviset. Sjøfartsdirektoratet rekna med at 100 000 måtte ta båtførarprøven innan 1. mai. Men det er berre 20 prosent av desse som har gått opp til eksamen. Rundt 80 000 har altså enno ikkje teke båtførarprøven, seier Bernt Nilsen.

Få som har tatt båtførerprøven

No hastar det

1. mai er fristen for å ta båtførarprøven. Alle som er fødd etter 1. januar 1980, som skal føre fritidsbåt over 8 meter og som har motor med større kraft enn 25 hestekrefter, må ha båtførarbeviset.

Båttur

Dei som følgjer med i båtblad er blant dei flinkaste til å sørge for å ta båtførarlappen.

Foto: John Olav Lefdal

- Vi ser at dei som er organiserte i båtmiljøet og les båtblad har fått med seg dette. Men dei mange som ikkje er så interesserte og som ikkje følgjer med har rett og slett ikkje fått med seg at 1. mai er fristen, seier Nilsen.

Politiet i villrede om båtførerbevis

Nesten ingen vil ta lappen til sjøs

- Ulukkene skal ned

Båtførerprøven blir obligatorisk for å forsøke å få ned talet på ulukker til sjøs. I 2008 og 2009 omkom 61 personar i fritidsbåtulukker i Noreg. I tillegg skjer det nesten dagleg ulukker og uhell med fritidsbåtar i høgsesongen. Bjørn Reppe, underdirektør i Sjøfartsdirektoratet, håpar at obligatorisk båtførarbevis kjem til å gje resultat.

- Det vil nok ikkje ha så veldig stor innverknad når det gjeld dødsulukkene. Men når det gjeld skadeulukker der folk køyrer på skjær med hurtiggåande båtar, eller kolliderer med andre, der trur vi den nye ordninga kjem til å ha stor effekt, seier Reppe.

Dropper båtførerbevis

En av ti tok båtførerprøven