Hopp til innhold

Overlevde fall på 800 meter

- Opplevinga var som eit mareritt. Eg kjende eg flaug gjennom lause lufta då snøskavlen gav etter. Eg såg ned, prøvde å gripe fatt i snøkanten, men taket glapp, fortel den fjellvante Trond Lervik.

Trond Lervik
Foto: Øyvind Sæbjørnsen / NRK

Søndag opplevde han det største marerittet ein fjellvandrar kan oppleve. Han var på topptur saman med Ålesund og Sunnmøre turistforening. Turen gjekk til det 1416 meter høge Jønshornet i Ørsta. Jønshornet er eit av dei høgaste fjella i området. Trond Lervik fall og sklei halve distansen ned att. I 800 meter opplevde Lervik det som om han ikkje hadde kontakt med fast grunn. I tillegg sklei han 200 meter. Til saman vart fallet på ein kilometer. Han blei skadd, men overlevde.

Redningsaksjon Jønshornet

Bergingsmannskapet er framme ved Trond Lervik.

Foto: Luftambulansen i Ålesund
Jønshornet og Langenestinden

Jønshornet er eit av dei høgaste fjella på vestsida av Hjørundfjorden.

Foto: Arve Fjærli
Gips fot

Gipsen fortel med tydeleg språk at fallet har vore beinhardt. Heldigvis overlevde Trond Lervik fallet.

Foto: Øyvind Sæbjørnsen / NRK
Trond Lervik

Trond Lervik har utsikt til Sunnmørsfjella frå sjukesenga i Ålesund.

Foto: Øyvind Sæbjørnsen / NRK
Trond Lervik

Det har strøymt på med blomar og helsingar etter det voldsomme fallet.

Foto: Øyvind Sæbjørnsen / NRK

- Eg har gått ganske mykje i fjellet. Og eg har hatt mange flotte turar på tindane i Sunnmørsalpane. Heile familien går mykje i fjellet, fortel Trond Lervik.

Dyrt - men viktig - å være på den sikre siden

Skredekspertens videoer

Skulle vere førstemann ned

Søndag var dei på veg til Jønshornet. Dei var ei heil gruppe frå Ålesund og Sunnmøre turistforening som var på veg mot toppen. Første delen av turen gjekk på ski. Ved foten av toppen tok gruppa av skia og brukte steg-jern den siste strekninga.

- Vi sikra oss med tau på dei brattaste henga. Deretter gjekk vi vidare mot toppen. Heilt oppe på toppen bles det og det var kaldt. Eg skulle vere førstemann ned. Kanskje var eg uforsiktig.

- Eg kom litt bort frå sporet der eg hadde kome opp. Då skjedde det brått. Snøen under meg gav etter, fortel Trond Lervik.

Ekstrem topptur på nært hald

Nyt våren på ski

- Alt rasa og det blei kvitt

Trond Lervik var på veg ned frå Jønshornet. Han forlet sporet han hadde laga på veg opp for å gå rundt eit gjøl.

- Eg trudde eg var langt frå toppen av sjølve skavlen. Men det kan eg umogleg ha vore. Skavlen gjekk av og eg blei ståande i lause lufta. Det var ei marerittoppleving. Eg merka at snøen gav etter.

- Eg såg ned og eg prøvde å gripe tak i snøkanten. Men taket glapp og eg forsvann ned fjellsida.

Toppturene blir elektronisk

Vet for lite om skred

- Fall og fall

Trond Lervik fall 800 meter ned fjellsida. Dette er over halvparten av høgda på den majestetiske sunnmørstinden. Rund han vart det berre kvitt.

.- Eg kjende at eg berre fall og fall. Det var masse snø rundt meg. Eg prøvde alt eg kunne å jobbe med armane og beina. Etter kvart minka farta litt. Då trudde eg at alt hadde gått greit. Då var eg nok innom ei fjellhylle eller noko slikt.

- Men i staden fekk eg stor fart på nytt utfor eit nytt parti. Det blei mørkt ei stund. Men etter kvart lysna det og eg blei liggande i botnen av området, fortel Lervik.

Reiselivsutdanning i verdsarvområdet

Tenkte på dei på toppen

Då Trond Lervik stoppa, hadde han falle ein kilometer. 800 meter var så godt som fritt fall. Dei siste 200 metra hadde han sklidd ned fjellsida. Den første tanken som slo han, var at han måtte varsle dei som var att på toppen.

- Eg tenkte eg måtte ta fram mobilen og prate med dei som sto att på fjellet. Eg tenkte at dei som sto att måtte ha det svært vondt. Dei mangla jo ein mann. Eg tenkte på kva kjensler dei måtte stå der med.

- Eg prøvde å ikkje skape panikk og forklarte at det hadde gått greit med meg. Dei fekk beskjed om at dei ikkje måtte prøve å fire seg ned, men at dei istaden måtte skaffe luftambulanse.

Jettegryta blir berga

Skadd i beinet

Trond Lervik skjønte straks at han trengte luftambulanse etter det voldsomme fallet. Heldigvis fekk han kontakt med resten av turfølgjet som fekk kalla helikopteret til seg.

- Eg såg jo at beinet var heilt ute av ledd. Dei på toppen fekk koordinert med luftambulansen. Eg fekk også ringt heim og forklarte kva som hadde skjedd.

Med dampbåt på Hjørundfjorden

Turen var organisert av turistforeninga

Turen til Jønshornet var organisert av Ålesund og Sunnmøre turistforening. Trond Lervik vil ikkje påstå at tryggleiken på turen var for dårleg.

- Når ein er på ein tur som dette har kvar einskild ansvar for seg sjølv. Kunnskapen som turistforeninga har med seg er veldig viktig. Her blei vi sikra veldig godt heile vegen. Vi brukte lang tid på vegen opp på toppen, for at vi ikkje skulle utsetje oss for fare. Då eg var litt rask på vegen tilbake, kan eg ikkje klandre nokon annan enn meg sjølv.

- Eg må skryte av turleiaren som viste veldig stor kunnskap om fjellet. Eg anbefalar framleis andre om å gå på turar, helst i følgje med turistforeninga. Der blir du teken vare på, seier Trond Lervik. Ein blir ikkje kvitt all risiko. Men ein kan redusere risikoen. Og ein kan gjere det som er mogleg for å kome seg trygt opp og ned, seier Trond Lervik der han ligg skadd på sjukehuset i Ålesund.

Jønshornet

Sjå den vesle svarte prikken nede under den svarte berghylla. Der ligg Trond Lervik. Han har falle og sklidd frå toppen av fjellet.

Foto: Luftambulansen i Ålesund
Video Overlevde fall på 1000 meter

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL