Hopp til innhold

Kortspel og konsentrasjon

Åtte lag kjempar om å vinne NM i bridge i Ålesund denne helga. Me møtte favorittane.

Terje Lie

ARRANGØR: Terje Lie trur arrangeringa kan gjere at han og laget mistar poeng.

Foto: Heidi Fagna / NRK

Denne helga er det Norgesmeisterskap i brigde i Ålesund, og åtte lag frå heile landet kjempar om den gjeve tittelen.

Eliten er samla

Ragnar Davidsen

I KAMP: Ragnar Davidsen i ein innleiande runde av NM.

Foto: Kåre Beyer Kristiansen

Dei beste laga i Noreg er samla på eit hotell i Ålesund.

Konferanseavdelinga har ein eim av lange timar med mykje grubling.

HØYR REPORTASJEN HER:
NM Bridge Ålesund

- Dei fleste som spelar bridge er slitne etter tre - fire timar. Her spelar me i mange timar i fleire dagar på rad, og konsentrasjonen må vere på topp heile vegen. Den gjengen som er her no er verkeleg eliten i Noreg, seier leiar Terje Lie i bridgeklubben Grand i Ålesund.

Arrangering kostar poeng

Det er Grand som arrangerer Norgesmeisterskapen denne gongen. Lie trur det kan koste poeng.

- Det er jo klart me har meir å tenkje på enn berre spelinga når me også skal arrangere. Eg veit ikkje om me hadde vunne uansett, men det kan jo hende me ikkje klarer topp tre fordi me også tenkjer på andre ting.

- Kven trur du drar i land sigeren då?

- Dei, svarar Lie utan å tenkje seg om, og peikar på ei gruppe trønderar.

Bridgelaget frå Namsos

BEST: Ragnar Davidsen, Per Arne Flått, Geir Enge, Frode Nybo og Jørn Ringseth.

Foto: Heidi Fagna / NRK

- Så bra som det kan verte

Rundt eit bord oppsummerer Ragnar Davidsen, Per Arne Flått, Geir Enge, Frode Nybo og Jørn Ringseth siste kamp. Dei er favorittar til å hente gullet heim til Namsos, og dei har nett vist seg stempelet verdig.

- Me slo Førde 25 - 0. Det er så bra som det kan verte, seier Ragnar Davidsen.

På andre dag i turneringa ligg dei på topp på tabellen. Sjølv er Davidsen mest interessert i å snakke om neste generasjon bridgespelarar.

- Ungdommen bør absolutt kikke på bridge. Det er interessant og veldig god hjernetrim. Spelet er spanande, og ein konkurrerer på lag. Ein kan samanlikne det med kortspelet amerikanar. For den som likar det, er bridge neste steg, reklamerer Davidsen.