Hopp til innhold

- Krohn-Air får ikkje frakte pasientar

– Eg trudde NHO skulle tene bedriftene og ikkje minst dei små bedriftene, seier Claus Krohn. Flyselskapet hans får ikkje dispensasjon til å transportere pasientar mellom Molde og Trondheim.

Krohn Air fly på Årø

Krohn-Air har berre ei flyrute. Den går mellom Molde og Trondheim. Ein stor del av passasjerane er pasientar.

Foto: Roar Strøm / NRK

Krohn-Air er eit lite flyselskap. Det blei stifta i februar i år, og har berre ei rute. Flyet går to turar dagleg mellom Molde og Trondheim. Ein stor del av passasjerane er pasientar som reiser mellom Molde og St.Olavs hospital i Trondheim.

Claus Krohn

Direktør i Krohn-Air, Claus Krohn.

Foto: Roar Strøm / NRK

– Dette råkar spesielt dei som er avhengige av å bli transporterte mellom sjukehusa i Molde og Trondheim, seier direktør Claus Krohn.

Søkte om dispensasjon

Flyselskapet Krohn-Air søkte om dispenasjon frå vektarstreiken. Arbeidsmandsforbundet sa ja til dispensasjonen. Men torsdag kveld sa NHO nei, ifølgje Claus Krohn. Dermed er dørene stengde også for avgangar med Krohn-Air.

– Eitkvart selskap som må innstille verksemda si over tid vil få økonomiske vanskar. Vi er ikkje noko unnatak i så måte. Vi vil nok halde ut ei tid, men vi vil slite over ein lang periode før vi kjem over kneika att, seier Krohn.

Forvirring om dispensasjonar

Fredag formiddag har NRK motteke ein e-post frå NHO Service. Der hevdar NHO at framstillinga frå Krohn-Air er feil. Her blir det hevda at NHO har søkt om dispensasjon for Krohn-Air, men at det er motparten NAF som har sagt nei.

Etter dette har NHO Service ikkje gjort noko nytt forsøk på å søkje om dispensasjon fordi NHO manglar dokumentasjon på at liv og helse er trua.

NRK er i ferd med å undersøkje kva som er dei faktiske forholda i denne saka.

Irritert på NHO

Det er NHO som har sagt nei til søknaden om dispensasjon. Og Claus Krohn er forundra over at NHO har teke denne haldninga til næringsverksemda hans.

– Det er NHO som har stoppa prosessen. Eg har inga forståing for dette. Eg hadde innbilt meg at dette skulle vere ein organisasjon som skulle ta vare på dei små bedriftene. Dei skal sjølvsagt ta vare på store bedrifter også, men små bedrifter treng ofte eit betre vern enn mange store, seier Krohn.

Frivillig mekling laurdag

Etter tre timars uformelle samtalar hos riksmeklingsmann Kari Gjesteby torsdag, blei forhandlingsleiarane i Norsk Arbeidsmandsforbund og NHO Service samde om å halde fram laurdag i frivillig mekling.

Dersom dette ikkje fører fram, blir streiken trappa opp frå måndag morgon.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL