Hopp til innhold

Fleire tatt for båtfyll

Fleire båtførarar kan vente seg eit oppgjer med politiet etter at dei vart tatt for å ha køyrt i rusa tilstand laurdag kveld.

Mange tok båten til Giske
Foto: Odd Kristian Dahle / NRK

Det var kystvaktskipet KV Njord som gjennomførte kontrollar på oppdrag frå politiet. Til saman 23 båtførarar vart kontrollert og heile 14 av desse var påverka av alkohol, seier operasjonsleiar i politiet Jon Kåre Flo.

Stor utfart

Fleire valte å ta båten for å få med seg sommarfesten på Giske på laurdag.

- Fire av dei som vart tatt hadde ein promille som låg godt over 0,8 som er grensa på sjøen. Dei var med andre ord synleg rusa, seier Flo.

Truleg fleire

Og truleg er mørketala store. KV Njord kom seg nemleg aldri ut av indre hamn, trass i at eit hundretals båtar låg ved festivalområdet på Giske rakk dei aldri å kontrollere fleire.

Også redningsskøyta Emmy Dyvi overvaka båtlivet, men melder om at dei ikkje hadde noko oppdrag i samband med festivalen.