Hopp til innhold

Evig liv på facebook

Facebook-profilen lever, sjølv om personen er død. Fleire pårørande opplever dette som vanskeleg.

Facebook
Foto: Karen Bleier / Scanpix/AFP

Datatilsynet reagerer på auken i såkalla spøkelsesprofilar på nettsamfunn som Facebook.

- Vi får stadig fleire førespurnader frå pårørande som spør korleis dei kan slette ein profil på nettstaden Facebook frå nokon som har gått bort, seier informasjonsrådgivar Lars-Henrik P. Michelsen i Datatilsynet.

Etterlyser reglar

Mange brukar sosiale nettstader som Facebook og Myspace for å halde kontakten med familie, vener og kjente. Etter kvart som stadig fleire tek i bruk desse tenestene, vert det også fleire profilar av døde som aldri vert sletta. Datatilsynet etterlyser klarare reglar.

- Det vil tvinge seg fram ein debatt om kva vi skal gjere med informasjon som avdøde har lagt ut, seier Michelsen.

Vil slette

Oskar Grimstad

Oskar Grimstad, stortingsrepresentant (Frp).

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

Stortingspolitikar, Oskar Grimstad (FrP) frå Hareid, har sjølv opplevd korleis sosiale nettstader fungerer. Dottera Kamilla omkom i ein brann i desember 2008, men Facebook-profilen er framleis aktiv.

- Vi som pårørande skulle gjerne kunne velge kva vi ønskar skal stå der og eventuelt slette ting, seier Grimstad.

Vanskeleg å få kontakt

Det er ikkje lett å kome i kontakt med dei som står bak nettstadene. Det USA-basserte Facebook har tidlegare fått kritikk for sin praksis, når det gjeld å slette avdøde frå nettstaden. No skal det vere enklare etter at dei lanserte ei innrapporteringsteneste om døde personar. Då får dei etterlatte to val. Enten kan Facebook slette profilen etter framvising av dokumentasjon. Eller den avdøde kan få evig liv gjennom ein fryst profil.

- Kamilla sin profil ligg framleis på Facebook og den gjenspeglar jo jenta medan ho levde og var aktiv. Fleire har kome inn på profilen og seier at dei saknar henne, så det kan nok ha sin verdi i ei periode. Etter kvart som sorga vert bearbeida må vi som pårørande gjere oss tankar om kva som skal vere att etter ei kjær dotter, søster og venninne, seier Grimstad.