Hopp til innhold

Gimpville årets beste industri-animatør

Filmselskapet Gimpville fekk prisen for årets beste industri-animasjons-film. Oppdrag for norske industribedrifter opnar nye marknader for norske animatørar.

Gimpville animasjon
Foto: Gimpville

Norske animatørar får stadig fleire oppdrag frå industrien. Industrien vil ha filmar som viser produkta og som imponerer kundane.

Lene Trude Solheim

Lene Trude Solheim

Foto: Frode Berg / NRK

– Det blir stadig viktigare å skilje seg ut og å vere tydeleg i kommunikasjonen, seier Lene Trude Solheim, informasjonssjef i Ulstein Group.

Umogleg å filme slike opplevingar

Dei lagar biletopplevingar som er umogleg å filme. De beste konkurrerer om ein ny pris.

– Gjennom denne prisen ønskjer vi å stimulere miljøet til å satse meir på industrianimasjon. Vi trur det er viktig å få endå meir kommersielt fokus i produksjonen av animasjonsfilm, seier Solheim.

Video ANIMASJON

Sjå meir frå dei fantastiske animasjonsvideo-produksjonane.

Årets pris til Gimpville

Den verdskjende animatøren Paul Wells sat i juryen som bestemte at firmaet Gimpville skulle få årets pris.

Paul Wells

Paul Wells, Animation, Loughborough University.

Foto: Frode Berg / NRK

– Animasjon har ein fantastisk appell. Og Gimpville sine filmar er flotte animasjonsfilmar, seier Wells.

Mykje arbeid

Det ligg mykje arbeid bak vinnarfilmen. Og selskapet måtte ty til løysingar som dei sjølve måtte finne på.

Simon Nyhus

Simon Nyhus, Gimpville.

Foto: Frode Berg / NRK

– Vi har heile tida vore nøydde til å finne smarte og nye løysingar for å få alt til å henge i hop, seier Simon Nyhus i Gimpville.

Norsk industri vil ha stadig fleire slike filmar. Og etterspurnaden aukar kanskje særleg i Noreg.

– Etterspurnaden vil kanskje auke i særleg grad her i Noreg. Her er ein industri og her er tradisjon for å bruke animasjonsfilm. Og her er mange svært dyktige animasjonsstudentar, seier Paul Wells.