Hopp til innhold

Passar på Kim og Ronny....og Einar

Er det nokon samanheng mellom kriminelle og namn?

fengselsleiar Hans Inge Jørstad

Fengselsleiar Hans Inge Jørstad i Ålesund fengsel.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Kasper, Jesper og Jonathan, eller Kim Ronny og Stein Roger. Eller kanskje Arne, David og Muhammed?

Ein som sjølv sit i fengsel svarer dette:

- Nei, dei heiter det meste. Litt forskjellig, som Einar og Ole.

Namneforskar Ivar Utne ved Universitetet i Bergen kan det meste om namn. Også om samanhengen mellom visse fornamn og kriminalitet.

- Eg trur eg kan seie det slik, at dette veit eg ikkje sikkert. Men eg har opplevd i tre tilfelle at folk har kome til meg med samlingar av namn på domfelte. Alle tre gongane har dei kome med namn på tusen domfelte, dei fleste var menn. Vi har laga namnetoppar av desse og samanlikna med det som var vanlege namn i dei same aldersgruppene. I alle dei tilfella har eg enda opp med at ein ikkje kan sjå at der er nokon skilnad. Vi kan for eksempel ikkje sjå at der er fleire som heiter Ronny blant alle desse forbrytarane enn det i befolkninga elles.

Les óg:

Alle namn ein kan tenkje seg

Vi oppsøker ein tredje ekspert. Hans Inge Jørstad har lang erfaring frå fengselsvesenet som tilsett. Han er fengselsleiar i Ålesund fengsel.

- Er det mange som heiter Kim og Ronny som er innsatt i Ålesund fengsel?

- Både ja og nei. Vi fører ikkje nokon statistikk over det mest vanlege fornamnet på folk, altså.

- Er det nokre namn de trur går igjen i ulike brotsverk?

- Eg skal vel vere litt forsiktig med å kome med noko sterke meiningar der. Nei, vi gjer faktisk ikkje det. Her er det Ola, Per og, ja, alle namn du kan tenkje deg.

Markus, Daniel og Jonas

Så då kan vi vel slå fast at det ikkje er nokon samanheng mellom kriminalitet og fornamn. Eller?

- Eg ser for meg no at Christian, for eksempel, som var eit veldig vanleg namn for 20-30 år sidan, nok vil kome høgt opp i forbrytarstatistikkane fordi det også gjer det i befolkninga i den aldersgruppa som er mest aktuell, fortel forskar Ivar Utne.

- Eg synast det er veldig spanande at no har vi hatt bibelske namn på topp veldig lenge, slik som Markus og Daniel og Jonas og andre frå bibelen. Dei har vore populære no nokre år, og kjem til å halde fram med å vere populære, og dei vil nok også toppe forbrytarstatistikkane.

Les meir på Ivar Utne si namneside