Hopp til innhold

Køyreturen endte inne i butikk

 

Her endte turen
Foto: privat

Det blei ein spesiell køyretur for ein 20-åring frå Eidsvåg i Nesset som i natt braste inn i byggjevarebutikken Montèr. Bilen stoppa ikkje før han sto godt plassert inne i sjølve butikken.

Til sjukehus etter smellen

- Det er ikkje kvar dag vi ser noko slikt, dette er nesten godt gjort, seier operasjonsleiar Finn Tore Pettersen ved Nordmøre og Romsdal politidistrikt.

- Mannen måtte køyrast til sjukehus etter bilturen, så han har nok fått seg ein god trøkk sjølv også, seier Pettersent. Han er mistenkt for promillekøyring og det blei tatt blodprøve av han.

Fem på to timar

Men han var ikkje den einaste som er mistenkt for promillekøyring. I løpet av litt over to timar natt til søndag blei fire andre stoppa. Alle blåste raudt.

- Dette er berre tragisk og fatalt, seier operasjonsleiar Johan Arnt Overøye ved Sunnmøre politidistrikt.

Slik skjedde det:

  • Størst materiell skade blei det gjort i Eidsvåg i Nesset, der ein mann i 20-åra køyrde inn i ein butikk natt til søndag. Bilen stoppa ikkje før han var heilt inne i butikklokala.
  • Klokka 00.39 blei ein 30 år gamal mann frå Polen pågripen etter å ha køyrt inn i eit gjerde.
  • Klokka 01.30 fekk politiet tips om ein 25 år gamal mann frå Litauen, også han blåste raudt.
  • Klokka 02.19 måtte politi og ambulanse rykke ut etter at ein bilist køyrde av vegen ved Dyrkorn i Stordal. Mannen stakk frå staden, men blei seinare pågripen.
  • Klokka 02.53 får politiet tips om ein 51 år gamal mann frå Herøy som fyllekøyrer i Fosnavåg.

Takkar for tips

Johan Arnt Overøye

Operasjonsleiar Johan Arnt Overøye ved Sunnmøre politidistrikt.

Foto: Heidi Fjørtoft Klokk / NRK

Operasjonsleiar Johan Arnt Overøye seier dei er heilt avhengige av tips for å klare å stoppe promillekøyrarane. I alle dei fire sakene på Sunnmøre i natt tok folk kontakt for å fortelje kva dei hadde sett og høyrt.

- Vi er veldig takknemlige for at folk tipsar. Eg vil seie det så sterkt at det er ei borgarplikt å seie frå. I verste fall går det liv, seier Overøye.

Fleire utanlandske

Polsk skilt

To av dei fem som blei pågripne for promillekøyring i natt var utanlandske statsborgarar.

Foto: Ken Willy Wilhelmsen / NRK

To av dei fem som blei pågripne i natt er frå Polen og Litauen. Overøye trur ikkje det er tilfeldig.

- Det virkar som dei har eit anna forhold til køyring i fylla. Det skjer både titt og ofte at folk frå desse to landa blir tekne for promillekøyring. Eg har ingen statistikk å vise til, men har likevel ei klar kjensle av at det er slik, seier Overøye.

Betenkt nattependlar

Sjølv pendlar han mellom Ålesund og Stordal/Geiranger før og etter nattevakter i helgane, og seier han tenkjer på kven han møter.

- Eg har det i bakhovudet, eg køyrer mange mil og når eg ser billys og møter ein annan bil håper eg bilisten bak rattet er edru, seier han openhjarteleg.