Hopp til innhold

Charles Bjørnulf - moderne og open for nye impulsar

Charles Bjørnulf Øien er kalt opp etter tante Charlotte og onkel Bernhard. Namnekombinasjonen urnorsk-utanlandsk er meir vanleg langs kysten enn andre stader.

Charles Bjørnulf Øien.

Charles Bjørnulf Øien brukar berre Charles til vanleg. Han trur det er heilt tilfeldig at han fekk det namnet han fekk.

Foto: Olaug Bjørneset / NRK

Høyr radioreportasjen her!

Hentar impulsar

Namneforskar Ivar Utne ved Universitetet i Bergen trur det har si naturlege forklaring at vi kan finne mange kombinasjonar av norsk-utanlandske namn langs norskekysten.

– Det er nærliggande å tru at namnekombinasjonar med eit utanlandsk og eit norsk namn, er mest vanleg langs kysten. Der har ein lange tradisjonar for å reise utanlands på fiske, og hente med seg nye impulsar heim, seier han.

Frå Frøya

Charles Bjørnulf Øien, bruker berre Charles i det daglege. Han er kalla opp etter tanta Charlotte og onkel Bernhard.

– Eg var liksom gromguten deira, eg, seier han til NRK.

Og Charles Bjørnulf Øien er eit eksempel på at Utne sine konklusjon stemmer. Han har budd i Ålesund i mange år, men kjem frå ei fiskarætt i Trøndelagskysten.

– Eg er frå ei øy på utsida av Frøya.

– Nesten England?

– Ja, det er mange som kan ha mistanke om at nokon dreiv i land frå den kanten, seier han.

Lang historie

Ivar Utne

Ivar Utne synest det er naturleg at vi får kombinasjonar av utanlandske og norske namn.

Foto: UiB

Utne seier at vi til alle tider har henta inn namn frå andre land. Dersom nokon får to namn, blir det også naturleg at kombinasjonen med eit "nytt" og eit "gammalt" namn virkar litt framand.

– Tidleg på 1900-talet hadde vi fleire 1000 Olga Marie i Noreg. Marie var eit gammalt namn, men Olga var heilt nytt. Men det er ofte det namnet vi er mest vande med som kjem først, som Ole Maurensius.

– Eller Emma Tallulah?

– Ja. Det første er kjent, det andre er mindre kjent.

Les meir om namn på Ivar Utne si side.

Kreative

– Eg trur ein har vore mest kreative på å hente inn utanlandske namn langs kysten av Noreg. Ein har vore til sjøs og henta impulsar frå det store utland. Men ellers ser jo folk på TV og hentar inspirasjon der også, seier Ivar Utne.

– Men dei langs kysten er rett og slett moderne og opne?

– Ja, eg trur vi kan seie det slik, seier Utne.

PS! Eigentleg har Charles Bjørnulf eit fullt urnorsk namn - sett saman av tre norrøne. Carles er nemleg ein engelsk/fransk versjon av det norrøne Karl.

Les også: