Hopp til innhold

Åtvarar mot aukande nettmisbruk

Politiet ber foreldre og ungdom tenkje seg godt om når det gjeld publisering av bilete på nett. Stadig fleire saker som har med misbruk av bilete og informasjon på nett å gjere, gjer politiet uroa.

Nettvett

Eit par foto og tasteklikk er alt som trengs for å publisere bilete. No åtvarar politiet mot aukande nettmisbruk og ber folk tenkje seg godt om før dei legg ut bilete av seg sjølv eller sender til andre.

Foto: Janne Brit Aasen

Eit par foto og tasteklikk er alt som trengs for å publisere bilete, og mottakaren treng ikkje vere den ein trur. Berre i Sula kommune med under 8000 innbyggjarar har politiet fått fleire saker det siste halvåret der unge jenter har publisert bilete på nett som har vorte misbrukt.

– Det er ofte, i alle fall i dei sakene vi får, at eldre personar utgir seg for å vere yngre personar. Dei fleste som gjer dette er menn. Barna trur dei snakkar med ein annan ungdom, men slik er det i realiteten ikkje, fortel politibetjent Svein Rike ved Sula lensmannskontor.

Svein Rike

Politibetjent Svein Rike har fått fleire alvorlege saker å etterforske som handlar om misbruk på nett. Han trur tendensen er aukande.

Foto: Janne Brit Aasen

Flaut og nedverdigande

Sist veke fekk han endå eit nytt tilfelle han etterforskar. Elevrådsleiar ved Sula ungdomsskole, Edvard Båtnes Molvær, kjenner til problemet og seier det er grusomt for den som opplever å bli misbrukt på nettet.

– I ettertid når ungdommane finn ut meir om konsekvensane, då angrar dei nok veldig. Spesielt dersom dei finn ut at dei har sendt eit bilete til ein eldre mann, trur eg dei fleste vil grave seg ned, understrekar Båtnes Molvær.

Edvard Båtnes Molvær og Andrea Dybdal Rogne

Edvard Båtnes Molvær og Andrea Dybdal Rogne sit i ungdomsrådet i Sula. Dei ber ungdommane tenke konsekvensar.

Foto: Janne Brit Aasen

– Viktig å varsle

Andrea Dybdal Rogne er nestleiar i elevrådet og ho seier dei har fokus på å kunne seie ifrå dersom dei oppdagar at venniner har gjort noko dumt på nettet.

– Først ville eg nok gått til ein ven som eg stolte på, og deretter sagt ifrå til anten foreldre eller ein lærar, seier Dybdal Rogne.

Ein som er opptatt av at elevane skal tore å seie ifrå er lærar Leon Romestrand. Han seier dei har fokus på nettvett.

– I ein hektisk kvardag er det fort gjort. Då er det lurt å ha ein baktanke om kva ein gjer. Ta ansvar sjølv og ser ein nokon som mobbar andre, så ta kontakt med dei vaksne for å varsle, påpeikar Romestrand.

Les også:

Nesten alle over ni år har datatilgang

Tal frå Medietilsynet syner at 98 prosent av ungar mellom 9 til 16 år har tilgang på data, og eit problem kan vere at foreldra ikkje anar kva som foregår. 15 år gamle Edvard ser at det kan vere eit problem.

– Ungdommane veit ofte litt meir om kva program og nettsider ein kan bruke. Foreldre er ofte ikkje heilt pålogga på den fronten der, meiner han.

Samstemte

Rektor ved Sula ungdomsskole, Hildegunn Pedersen, Leon Romestrand som er lærar og IKT-kontakt, Roger Eiksund, trur foreldre må verte flinkare til å halde seg oppdaterte på korleis barn og unge brukar internett.

Foto: Janne Brit Aasen

– Foreldra veit ikkje kva som skjer

IKT-kontakt på Sula ungdomsskole, Roger Eiksund, meiner foreldra har eit stort ansvar.

– Eg tykkjer i alle fall at dei bør kreve kva ungdommen held på med og vere interessert i kva som skjer på nett, oppfordrar han.

Politibetjent Svein Rike er redd ein no berre har sett byrjinga og ber ungdom bruke nettvett.

– Eg er redd for det, men ein bevisstgjering kan forhindre at vi får dei verste sakene inn hos oss. Men der er alltid nokon som må lære på den vonde måten. Vi vil alle fall avgrense omfanget av slike saker så mykje som muleg, understrekar Rike.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL