Hopp til innhold

No kjem musikkbingane

Ballbingar har det vorte mange av. Men no kjem også musikkbingane. I Sula har dei heile to slike bingar for musikk.

Video MUSIKKBINGER

I Sula jublar dei for musikkbinge nummer to. Bingane gir ferske band gode øvingsforhold.

Markus Haram Svorte

Markus Haram Svorte, slagverk, skryt veldig av musikkbingen.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ingunn Krosby

Ingunn Krosby er kulturleiar i Sula kommune.

Foto: Remi Sagen / NRK
Ronny Blomvik

Ronny Blomvik er ordførar i Sula kommune.

Foto: Remi Sagen / NRK
Fredrik Winter Ramstad

Fredrik Winter Ramstad i Sula ungdomsråd.

Foto: Remi Sagen / NRK
– Ein slik binge må vere lydtett, slik at ikkje dei som bur rundt her blir påverka av all lyden vi lagar. Det ligg jo i namnet vårt. Vi heiter Neighbours pain, fortel trommis Markus Haram Svorte.

Fritt for nabokonfliktar

Bingen har både bustadhus, bedehus og skule som nære naboar. Men bingen har så god isolasjon, at det skal ikkje bli nabokonfliktar av dette.

– Eg trur at naboane tykkjer dette er heilt flott. Her har det kome eit tiltak for ungdom i nærmiljøet, seier kulturleiar i Sula, Ingunn Krosby.

– Øvingar på dei raraste plassane

Bingen er offisielt opna av ordførar i Sula, Ronny Blomvik. Han kjenner godt til at øvingsforholda ikkje alltid har vore dei beste.

– Her har det vore øvd på dei raraste plassane. Vi har øvd på det gamle skyttarhuset, på Devold-fabrikken og mange andre stader, seier ordførar Ronny Blomvik. Stader som dette har vi mangla i mange, mange år. No har vi to slike bingar. Alt ligg til rette for at vi får ei oppblomstring på rocke-sida, seier han.

Musikkomunen Sula

Det var Ungdomsrådet i Sula som overtok nøklane til musikkbingen. Dette er i ein kommune med sterke musikktradisjonar, som har fostra musikarar i Ytre Suløens Jazzensemble, Brass Brothers, Nils Petter Molvær og mange andre.

– Ja, vi har ganske mange kjende musikarar ute i verda. Vi har jo også Robert Post og mange andre. Her på Sula er det mange som blir inspirerte av desse musikarane, seier Fredrik Winter Ramstad i Sula ungdomsråd.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL