Hopp til innhold

Krev merking av all oppdrettsfisk

Miljøvernaktivist Kurt Oddekalv skuldar oppdrettarar for å skjere hol i merdene for å bli kvitt sjuk fisk. Han meiner at all oppdrettsfisk må merkast for å bli kvitt det han meiner er eit problem.

Kurt Oddekalv

Miljøvernaktivist Kurt Oddekalv meiner å vite at oppdrettarar slepper ut sjuk oppdrettsfisk med vilje.

Foto: Hommedal, Marit / Scanpix

Overfor NRK er Kurt Oddekalv svært bombastisk, og seier han er sikker på at oppdrettarar slepper ut oppdrettsfisk med vilje.

– Vi veit at det er folk som har skore hol i nøtene. Vi veit at det er kamuflerte rømingar som eigentleg er utslepp av fisk for å få forsikringspengane, seier Kurt Oddekalv til NRK.

Hevdar at langt fleire laks rømer

I dag sym det 369 millionar laks rundt i norske mærder. Tal frå Fiskeridirektoratet syner at til no i år har 250 000 laks rømt frå mærdene. I fjor rømde 187 000 laks. Men Kurt Oddekalv meiner han sit inne med langt betre tal. Desse tala er langt høgare enn Fiskeridirektoratet sine. Han meiner at det er mellom 5 og 10 millionar laks som har rømt.

Øyvind André Haram

Øyvind André Haram er informasjonssjef i FHL.

Foto: FHL

– Korleis han i all verda klarer å kome fram til dette reknestykket må han nesten gjere greie for sjølv, seier informasjonssjef Fiskeri og havbruksnæringens landsforening, Øyvind Haram.

– Hårreisande påstandar

Øyvind Haram seier at det er fullt mogleg å spore rømt oppdrettsfisk ved hjelp av DNA-analyser. Og har reagerer svært sterkt på påstandane frå Oddekalv, om at oppdrettarar slepper ut sjuk fisk med vilje.

– Dette er heilt hårreisande påstandar, seier Øyvind Haram.

– Ikkje lønsamt å merke fisken

Merking av fisk har vore eit heitt tema i oppdrettsmiljø. Ballen blei lagt død i ein Stortingsproposisjon i 2007. Der blei det konkludert med at det ikkje var lønsamt å merke kvar sinskild fisk, og at ein heller skulle satse på å spore fisk via dna.

– Dette har vore diskutert. Men det har blitt lagt til side, seier avdelingsdirektør i Fiskeri- og kystdepartementet Yngve Torgersen.

Kva bør ein heller fokusere på då?

– Ein må heller fokusere på å halde fiskane inne i mærdane, seier Torgergsen.