Hopp til innhold

Sa nei til Molde og ja til Lierse

Den svenske midtstopparen Marcus Andreasson har sagt nei til ein ny kontrakt med Molde Fotballklubb. I staden har han skrive kontrakt med den belgiske klubben Lierse.

Marcus Andreasson (tv) og Kristoffer Paulsen ryddar unna i feltet til MFK.

Marcus Andreasson raga ofte høgast i Molde-forsvaret.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg

Lierse er den same klubben som Aalesund-spelar Aleksander Mathisen skreiv kontrakt med i førre veke, og ein klubb blant andre Kjetil Rekdal har spelt for.

– Eg har signert ein kontrakt på 2 og eit halvt år, og ser fram til å få med meg ei ny oppleving på slutten av karrieren, seier Andreasson til lokalavisa Romsdals Budstikke.

Andreasson gir seg etter sju sesongar i Molde. Han står med 199 seriekampar i Noreg, der han har spelt for både Bryne og Molde.

Marcus Andreasson blei fødd 13. juli 1978 i Buchanan i Liberia. Han er svensk statsborgar, og har spelt for klubbane Öster, Kalmar, og Bristol Rovers før han kom til Noreg. Sommaren 2006 var han også aktuell for ein overgang til Aalesunds fk, men denne overgangen blei stoppa i siste liten.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL