Hopp til innhold

Meiner statsråden viser mistillit til styret

Styret i Helse Midt-Noreg konstaterer at brevet frå helseministeren som kom i går har skapt stor uro. Fleire av styremedlemane er i villreie om korleis dei skal tolke innhaldet i brevet og enkelte oppfattar det slik at statsråden ikkje har tillit til styret.

Video SJUKEHUS REAKSJON

I går sende helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen eit brev til Helse Midt-Noreg, der bygginga av nytt sjukehus i Molde blir utsett til etter 2018. Samstundes blir føde- og akuttavdelinga i Kristiansund freda.

I dag diskuterte styret i Helse Midt-Noreg brevet på eit telefonmøte. Der kom det fram at brevet var vanskeleg å tolke. Styremedlem Perny Ann Nilsen oppfattar brevet som mistillit.

– Eg føler at det ho skriv i brevet er det verste som kunne ha skjedd. Spesielt for alle pasientane som tilhøyrer sjukehuset i Molde, seier Nilsen.

Mistillit - eller ikkje mistillit?

Styret for Helse Midt-Noreg vedtok at det skulle vere sjukehus både i Molde og i Kristiansund. I Molde skulle det byggjast nytt, og sjukehuset i Kristiansund skulle gje frå seg føde- og akuttfunksjonar til Molde.

Dette sette helseministeren ein stoppfar for. Men styreleiaren sa i telefonmøtet i dag at han ikkje oppfattar brevet frå statsråden som uttrykk for mistillit.

– Han har uttrykt stor skuffelse. Men han skal få svare på dette sjølv. Vi får tenkje det vi vil kvar og ein av oss, seier Perny Ann Nilsen.

– Inga bygging før 2018

Helseministeren seier ho har eit godt samarbeid med styret for Helse Midt-Norge. På direkte spørsmål om ho har tillit til styret svarar ho slik.

– No er det slik at det er styret sjølv som har behandla ein rapport som eg har bede om. Dei har sagt at dei ønskjer å byggje så snart som råd. Men eg ser at det dei sjølve seier i rapporten er at dei ikkje kan byggje før i 2018. Då må eg forhalde meg til det, seier helseminister Anne-Grete Strøm-Erichsen.

Vanskeleg å jobbe vidare?

Fleire av styremedlemene både i Helse Midt-Noreg og i Helse Nordmøre og Romsdal er no i ferd med å fordøye innhaldet i brevet frå helseministeren. Spørsmålet er om det vert vanskeleg å arbeide vidare etter det som har skjedd.

– Eg må i alle fall gå i meg sjølv og tenkje på kva det er ministeren vil. Når det er avklart må eg ta ei beslutning, seier Perny Ann Nilsen.