Hopp til innhold

Wikipedia avviser erstatningskrav

- Det nynorske oppslagsverket Allkunne grev si eiga grav når dei krev erstatning frå oss, meiner styreleiar i norske Wikipedia, Jarle Vines.

Skjermbilde av Wikipedia

Dette er den omstridde artikkelen i Wikipedia.

Det nynorske oppslagsverket Allkunne krev 75 000 kroner fordi dei meiner Wikipedia har kopiert ein artikkel ulovleg.

Wikipedia skulda for plagiat

- Dette er ikkje bra for det nynorske språket, meiner styreleiar i norske Wikipedia, Jarle Vines.

I fjor sommar publiserte Wikipedia ein artikkel nær identisk med ein artikkel som er å finne i Allkunne. Styreleder i Wikipedia, Jarle Vines fortel at mange reagerer kraftig på påstandane om at dette er eit plagiat.

- Vi som driv dette arbeidet med Wikipedia på frivillig basis og utan betaling synes det heile er rart. Det kan lett føre til at vi vil vegre oss for å bruke Allkunne som kjelde.

Wikipedia har nulltoleranse for kopierte tekstar, og meiner dei ikkje var klar over artikkelen i Allkunne.

- Vi slår sterkt ned på det som er kopiert og slettar slikt stoff når vi får vite om det, og vi har ikkje høyrt noko frå Allkunne om dette.

Vines kan ikkje forstå kvifor Allkunne krev erstatning, og meiner det nynorske språket blir den største taparen.

Høyr intervjuet med Jarle Vines. Reporter Frieda Wik