Noregs håp før Fysikk-OL

Jonas Irgens Kylling
Foto: Iselin Nevstad Øvrelid/NRKJonas Irgens Kylling frå Ålesund er Noregs fysikk-håp før OL i Bangkok i Thailand i juli. Tredjeklassingen ved Spjelkavik vidaregående skule gjekk heilt til topps i finalen i Oslo der deltakarar frå vidaregåande skular over heile landet møttes til kamp.
Publisert 04.04.2011 09:26.
- Kommentarer
- Skriv ut
Sigeren kom brått på han sjølv om han visste han hadde gjort det bra.
- Eg blei veldig glad og litt overraska at eg gjorde det så bra. Vi var på kurs ei veke før den endelege prøva og lærte mykje nytt. Der prøvar dei å gi oss ein smak av kva vi kan vente oss på forkursa dei har i fysikk på universitet.
Jonas Irgens Kylling frå Ålesund står føre ein travel vår med russefeiring, eksamenar og førebuing til Fysikk- OL i Thailand. Saman med fire andre elevar skal han representere Noreg. Han håpar å nå langt, men han veit at konkurransen vert hard når over hundre nasjonar møtes for å teste kunnskapane i juli.
- Det krev mykje førebuing, men eg må også jobbe ein god del med skulefaga samt å vere russ. Eg får sjå kva det kjem til å gå utover, seier Jonas.
Finalist også i kjemi
Og for berre to veker sidan kom han heilt til noregsfinalen i Kjemi-OL. Men han ser for seg at det er matematikk han skal satse vidare på framover.
- Eg har ikkje greidd å bestemme meg for studiestad enno, men eg har bestemt meg for å satse på matematikk neste år. Så blir det kansje fysikk seinare.
Siste: Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Bildegalleri frå Møre og Romsdal
Siste frå Møre og Romsdal
Siste nytt innanriks
- Nav overtar unge som dropper skolen
- Ingen streik for bussjåførene
- Tatt etter 20 år med sølvjakt
- Kraftig eksplosjon i bolighus
- Politimann slått ned
- Eksplosjon i bolighus i Tønsberg
- Alvorleg skadd etter knivstikking
- Savnet padler antas omkommet
- Amputerte modellar pregar Oslo
- Ble misbrukt og drepte sin far

17. mai-feiring i fylket: 




