Hopp til innhold

Matkulturpris til Tingvoll

Kirsty McKinnon som driv skulehagen ved Bioforsk Økologisk og Christin Løkke Hagen som er lærar på Tingvoll barneskule fekk i ettermiddag Ingrid Espelid Hovigs Matkulturpris 2011 under Kokebokens dag på Hamar.

Kirsty McKinnon

Kirsty McKinnon ved Bioforsk Økologisk under 'Kortreist gjestebud'.

Prisen blei delt ut under Kokebokens dag på Domkirkeodden på Hamar.

Delt ut for 8. gong

Prisen vart delt ut for 8. gong. Og dei to prisvinnarane, Christin Løkke Hagen og Kirsty McKinnon er stolte.

– Prosjektet "Kortreist gjestebud" går frå 1. - 10. klasse. Heile hausten fram til haustferien bruker vi tida på å vere ute i naturen og sanke inn bær, frukt, grønnsaper og sopp. Så lagar vi produkt fram til gjestebodet. Det er ein marknadsdag der foreldre og bygdefolk kjem, seier Christin Løkke Hagen.

Prosjektet blir brukt som ein del av undervisninga i alle fag.

Høyr intervju med prisvinnarane og juryleiaren:

Viktig

Den andre prisvinnaren, Kirsty McKinnon frå Bioforsk Økologisk, seier prosjektet er svært viktig.

– Vi lever i ei tid der vi blir meir og meir framandgjorde i forhold til mat. Kvar han blir dyrka, kvar han kjem frå og alt arbeidet som ligg bak. Alt dette får borna no lov til å oppleve og undre seg over i skulehagen. Dei får undre seg over dette og sjå at det er samanhengar, seier Kirsty McKinnon til NRK.

Skulehagen i Tingvoll

Prosjektet blir filma av teamet Ann Eli Nøsen og Roar Strøm frå Grønn glede på NRK. Serien startar tysdag 24. mai, og skal gå over 10 episodar.

Stort arbeid

Prisen skal gå til ein person som utmerkar seg innan området mat, sunt kosthald og matkultur, med hovudvekt på den norske.

– Desse to jentene har gjort eit stor arbeid gjennom mange år, og dei har utfylt kvarandre i dette skuleprosjektet, som heiter «Kortreist gjestebod». Det gjeld skulehagen, dyrking og presentering av mat, og dei lar borna delta i dyrkinga, seier Tove Diesen som er juryeleiar for Ingrid Espelid Hovigs Matkulturpris.

– Det gjeld også kjøkenet, og presentasjonen for foreldra og heile bygda, seier Diesen.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL