Hopp til innhold

– Misbruk av kommunevåpenet

Folkeaksjonen mot bompengar i Ålesund visste ikkje at dei måtte søke om å bruke kommunevåpenet på flygeblada sine.

Folkeaksjonen mot bompengar

Slik så løpeseddelen ut før Folkeaksjonen mot bompengar fjerna kommunevåpnet.

Foto: Folkeaksjonen mot bompengar

Bompengeaksjonen i Ålesund deler ut flygeblad i postkassene til veljarane, med oppmoding om å røyste anten på Framstegspartiet, Venstre eller Tverrpolitisk liste for å få ei folkerøysting om bompengar.

På flygebladet som vart delt ut før helga er det bilete av Ålesund sitt kommunevåpen.

– Trist

Det likar Inger Marie Sperre i Høgre dårleg.

– Det blir jo slik at du umiddelbart trur dette er noko Ålesund kommune stiller seg bak, seier Sperre.

– At seriøse politiske parti skal misbruke kommunevåpenet på denne måten, synest eg er veldig trist, seier ho.

Forstår reaksjonane

Kirsti Dale

Kirsti Dale i Venstre, skjønar at folk reagerer.

Foto: Øyvind Johan Heggstad

Kirsti Dale i Venstre, er glad for bompengeaksjonen, men forstår at folk reagerer på bruken av kommunevåpenet.

– Det ser jo nesten ut som om det er et offentleg dokument. Eg har ikkje vore med på å godkjenne dette. Venstre er for folkeavstemming, men vi har ikkje vore med å lage denne løpeseddelen, seier Dale.

– Visste ikkje

Det har heller ikkje FrP eller Tverrpolitisk liste. Dei sluttar seg til bodskapen i flygebladet, men meiner at det er bompengeaksjonen som må stå ansvarleg for bruken av kommunevåpenet.

Roar Pedersen

Roar Pedersen i Folkeaksjonen seier at dei ikkje visste at dei måtte søkje.

Foto: Malin Kjellstadli Korsnes / NRK

Roar Pedersen i Folkeaksjonen mot bompengar seier at dei ikkje visste at dei måtte søkje. Dei har no fjerna kommunevåpenet frå seddelen.

– Eg trur nok at nokon i gruppa ikkje har tenkt så langt. Årsaka er nok at dei ikkje har visst om det, seier Pedersen.