Hopp til innhold

– Håplaus kritikk øydelegg for oss

Han er leiar for ein av dei store Frp-bastionane i Noreg. No kjempar Frank Sve for si politiske framtid.

Frank Sve

Frank Sve er ordførar i Frp-bastionen Stranda. No blir han utsett for hard kritikk for den økonomiske politikken i kommunen. Kritikarane snakkar sin eigen kommune ned, seier han. Han dreg i tvil om opposisjonen er i stand til å styre kommunen som i fleire år har vore ein av dei sterkaste Frp-bastionane i Noreg.

Foto: Terje Reite / NRK

Med den karismatiske Frank Sve i spissen dundra Framstegspartiet inn i kommunestyret i Stranda på Sunnmøre med 47,5 prosent av stemmene i 2007.

No kan høg kommunegjeld vere i ferd med å rive grunnmurane frå Frp-bastionen Stranda. Men Frp-ordførar Frank Sve er oppgitt over kritikken. Den høge gjelda er eit verkty for å skape aktivitet, seier han. Mest av alt er han oppgitt over at dei store kritikarane sjølve har vore med på å vedta låneopptaka.

Strandagjellet

Arbeidet på Strandafjellet går føre seg for fullt.

Foto: Terje Reite / NRK

Strandafjellet

Til vinteren blir denne skiheisen utstyrt med lukka gondolar.

Foto: Terje Reite / NRK
– Det er ein greinalaus kritikk. Ofte spør eg meg om kva som er vitsen med å halde på med dette. Valkamp etter valkamp blir ei heksejakt. Det er ei rein heksejakt, seier Frank Sve.

– Dei som kritiserer har ikkje lagt to pinnar i kors for å få til noko. Det meste er hovudlaus personkritikk og går ikkje på sak i det heile teke, seier FrP-kometen Frank Sve.

– Fullt Texas og full gass

Stolt viser han fram det som skal bli eit av Noregs mest moderne skianlegg. Han snakkar seg varm om straumen av turistar som skal besøke den vakre kommunen hans. Han snakkar om store djupvasskaier som skal ta imot skip med cruiseturistar.

– Her er det fullt Texas. Det er full gass i utbygginga her. Etterspørselen etter hyttetomter rundt anlegget her er heilt fantastisk. Og i bakkane vest for den nye gondolheisen kjem det eit stort hotell, forklarar Frank Sve entusiastisk.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Kartet er rangert i farge etter gjeldsgrad. Stranda ligg på topp med ei gjeldsgrad på 203 prosent. Eidfjord, Etnedal og Vang har lågast gjeldsgrad av dei norske kommunane. (Kjelde: SSB).

– Hylekoret øydelegg

Men utbygginga kostar. Det er eit kommunalt føretak som står for bygginga av både skianlegg og cruisekaier. I tillegg til investeringar som kommunar flest må gjere, har dette ført Stranda til gjeldstoppen i Noreg. Gjelda er blitt så stor, at dei andre partia i Stranda no vender Framstegspartiet ryggen.

– Det har blitt eit hylekor. Men hylinga hjelper ingen. Låna forsvinn ikkje av ei negativitetsbølgje. Dei andre partia øydelegg for kommunen med negativt snakk og sur kritikk. Låna er der, og alle sakene er avgjorde med store fleirtal. Det vi treng no er å brette opp ermane og skape aktivitet. Det er det einaste som hjelper, seier Sve.

Strandafjellet

Utbygginga på Strandafjellet har gitt mange arbeidsplassar i anleggsbransjen.

Foto: Terje Reite / NRK

– Men det er ikkje berre lokale politiske konkurrentar som er kritiske. Fylkesmannen har sett Stranda på ROBEK-lista..

– Eg blir så oppgitt over dei byråkratane. Vi hamna på ROBEK-lista fordi vi ville kvitte oss med gjeld på ein dag. Vi hadde eit lite fond og ville bruke dei pengane til å kvitte oss med gjeld. Eg fattar det ikkje, nokon måtte ha eit ønskje om å få oss inn på den lista, seier Sve.

Dette er gjeldstoppen

Desse kommunane har mest gjeld i Noreg. Statistikken viser tal for kommunekonserna. Det vil seie at gjeld både fråd en ordinære kommunerekneskapen og dei kommunale føretaka er komne med.

Topp gjeldsbelastning i kommunane

Kommunekonsern

Gjeldsgrad

Gjeld i tusen kroner

Stranda

203,0%

645.743

Bjugn

176,2%

574 543

Hammerfest

159,7%

1 448 374

Vega

147,5%

152 258

Lørenskog

141,0%

2 625 411

Hitra

140,9%

435 521

Gjeld i kommunale føretakforetak

Stranda kommune er ein liten kommune i norsk målestokk. Ved siste årsskifte hadde kommunen 4 577. Mest kjent er kommunen for produksjonen av frosenpizza og spekemat. Kommunen har store turistmagnetar som Geiranger, og utgjer ein stor del av verdsarvområdet langs Storfjorden.

Kommunen har også ei rik alpinhistorie, og har arrangert verdscuprenn i alpine greiner. Då alpinanlegget måtte fornyast, blei dette organisert gjennom eit kommunalt føretak. Bakgrunnen var at det var vanskeleg å finne private investorar.

– Dermed er det no kommunekassa som står som garantist for låna på Strandafjellet, seier ordførarkandidat for Arbeidarpartiet, Arild Ringdal.

Stranda kommune har hamna på gjeldstoppen i Noreg. Ved utgangen av 2010 hadde kommunekonsernet Stranda ei gjeldsgrad på 203 %. Ingen andre kommunar i Noreg er så hardt gjeldstynga.

Video Høg gjeld i Stranda

Utbygginga på Standafjellet går for fullt for å rekke vintersesongen. Utbygginga har vore med på å auke gjelda i Stranda kommune.

– Han må rydde opp etter seg

Det er ikkje berre på fjellet Frp-kommunen har brukt mykje pengar. Stranda sentrum framstår som vakrare enn på mange, mange år. På fortauet utanfor storkiosken Jafs sit både ungdommar og eldre. Debatten går, og berre valresultatet vil vise om Framstegspartibastionen Stranda står for fall.

Kjell Even Helstad, Aina Vågsæter, Robin Rødset

Kjell Even Helstad, Aina Vågsæter og Robin Rødset på utanfor storkiosken i Stranda sentrum.

Foto: Terje Reite / NRK

– Eg trur ikkje Framstegspartiet og Frank Sve får fortsetje. Det er ikkje alle her som er like fornøgde lenger. Ting skal gå veldig fort. Han bør gjennomføre ein ting om gongen, seier Robin Rødseth.

– Eg trur han får fortsetje. For der er EIN grunn til å stemme på han. Det er for å gi han ein sjanse til å rydde opp etter seg, seier Anja Vågsæter. Han har hatt fokus berre på utbygginga på fjellet. Men oss bryr han seg ikkje om. Vi kunne ha trengt ein skatepark her i sentrum, seier ho.

– Men han får ting til å skje. Han får gjort noko. Utbygginga på fjellet er bra, og sentrum har blitt fint. Eg skal stemme på Frank Sve og Framstegspartiet, seier Kjell Even Helstad.

– Stemmer ikkje Frp igjen

Det er ikkje berre ungdommane som diskuterer politikk ved kaféborda i Stranda. Også dei som har røysta ved fleire val har fått med seg at det har gått fort i svingane i politikken i Stranda.

Arnfinn Kvernberg

Arnfinn Kvernberg var med på å stemme Frp inn i kommunestyret i Stranda. Det skjer ikkje igjen, seier han.

Foto: Terje Reite / NRK

– Eg stemte Frp for fire år sidan. Det skjer ikkje igjen. Dei har styrt økonomien på ein slik måte at det blir ikkje aktuelt. Sve seier at dei fleste partia har vore med på galoppen. Ja, men det er han som har puffa på, seier Arnfinn Kvernberg.

Arnfinn Kvernberg meiner at det ikkje er noka kommunal oppgåve å byggje alpinanlegg. Private investorar burde ha stått for utbygginga, seier han.

– Kommunen kjem til å svi for dette i mange år framover. Dette er nesten som Terrasaka. Og eg meiner det må vere forskjell på å gape opp og å vrengje heile kjeven ut av ledd. Får han halde fram, er det nok fordi mange meiner han må få rydde opp etter seg, seier Arnfinn Kvernberg.

– Han har teke tak

Men Framstegspartiet og Frank Sve har framleis ein god skare med lojale veljarar. Folk ser aktiviteten og ønskjer at Sve skal få halde fram.

Ola Rønneberg

Ola Rønneberg er ein av innbyggjarane i Stranda som har tillit til Framstegspartiet og Frank Sve.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Eg meiner Frank Sve og Framstegspartiet bør få fornya tillit. Han har gjort veldig mykje bra. Han har teke tak i ting som burde ha vore gjort for lenge sidan. Eg tykkjer han har gjort ein veldig god jobb, seier Ola Rønneberg.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Ein openberr fare for Stranda

Inge Gjærde er leiar i kontrollutvalet i Stranda kommune. Han har følgt kommunepolitikken i Stranda i ei årrekkje, som Høgre-politikar og tidlegare ordførar. Han seier at alarmklokkene har vore sett på fleire gonger.

– Høg lånegjeld er ein openberr fare for Stranda kommune. Avdrag og renter tek ein stor del av inntektene til kommunen, og dette skjer i så stor grad at det går ut over tenesteproduksjonen. Fleire rapportar understrekar dette. Og Stranda kommune har ei stor utfordring i å få orden på drifta, seier Inge Gjærde.

Men kommunen har full kontroll, seier Frank Sve...

– Dess større gjeld ein kommune har, dess meir sårbar blir kommunen. Lån til det som kan utsetje kommunen for risiko skal vere sjølvfinansierande. Men i Stranda er ein stor del av låna knytt opp mot prosjekt med høg risiko. Vi har påvist behov for risikoanalysar og risikovurdering, seier Gjærde.

– Fylkesmannen har åtvara Stranda

Inge Gjærde har også følgt historia bak dei store investeringane som er gjort gjennom kommunale føretak. Han viser til at kommunen har fått fleire åtvaringar mot for stor risiko.

Inge Gjærde

Inge Gjærde er mangeårig kommunepolitikar i Stranda. No leiar han kontrollutvalet. Han er uroa for økonomien i heimkommunen.

Foto: Terje Reite / NRK

– For få år tilbake søkte Stranda om å få garantere for 50 millionar kroner til skianlegget. Kommunen fekk tommelen ned frå Fylkesmannen, som meinte det var for risikofylt og at kommunen ikkje hadde ryggrad til dette. No har kommunen teke på seg eit økonomisk ansvar for det same anlegget som er tre gonger så høgt. Det er klart at vi står overfor ein stor risiko, seier Gjærde.

– Men store deler av kommunestyret har gått med på dette?

– Ja. Føresetnaden frå kommunestyret var at dette måtte vere sjølvfinansierande. Det skulle ikkje gå ut over drifta. Så har dei innsett etter kvart at dei måtte snu på det. Då har ein ikkje hatt noko val, og har gått inn på vedtak som ikkje har vore etter føresetnaden, seier Gjærde.

– Sal av energiverket vil ikkje hjelpe

Eit av hovudargumenta for å kunne ha stor gjeld, er at Stranda kommune eig eit energiverk. Energiverket representerer store verdiar, og gjev store inntekter til drifta av kommunen. Inge Gjærde manar likevel til eit realistisk syn på kva tryggleik som ligg i energiverket.

– Eit sal av energiverket kan redusere gjelda, men også redusere inntektene til kommunen. Eit eventuelt sal av energiverket vil uansett ikkje vere tilstrekkeleg. I forhold til bokført verdi representerer energiverket 15.000,- kroner pr. innbyggjar. Lånegjelda i konsernkommunen er på 143.000,- kroner pr. innbyggjar, seier Gjærde.

Gjærde legg til at marknadsverdien på energiverket heilt sikkert er langt høgare enn den bokførte verdien.

Men om marknadsverdien er dobbelt så høg som den bokførte verdien, vil likevel eit sal ikkje vere nok i denne samanhengen, seier Gjærde.

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

– Dramatisk for Stranda

Inge Gjærde seier at kommunen no har eit årleg omstillingsbehov på 20 millionar kroner. Dette må skje ved endringar i drifta, og kjem etter fleire år med reknskapsmessige underskot.

– Vi må ha positivt driftsresultat. Det har vi ikkje hatt sidan 2006. Dette er fakta som er dokumentert gjennom rekneskap og rapportar. Dette er dramatisk for Stranda, seier Gjærde.

– Det er ikkje eit einmannsverk

Framstegspartiet har regjert i Stranda i siste periode med støtte frå Høgre og Venstre. No slår dette samarbeidet sprekker. Ei av utfordringane til partia som no vil ta eit oppgjer med økonomistyringa, er likevel at dei fleste partia har stemt for låneopptaka.

Jan Ove Tryggestad

Jan Ove Tryggestad er ordførarkandidat for Senterpartiet. Han seier at opposisjonen har vore usamd i organiseringa av dei store utbyggingane i kommunen.

Foto: Alf-Jørgen Tyssing / NRK

– Det er rett at eit skiftande fleirtal har vore med på ei rekkje av dei store investeringane. Det er sant at den store gjelda ikkje er eit einmannsverk, seier ordførarkandidat for Senterpartiet, Jan Ove Tryggestad.

Tryggestad er likevel klar på at det har vore ei gjennomgripande usemje blant politikarane i Stranda.

– Dei prinsipielle vurderingane kring utbygginga på Strandafjellet var knytte til eigarform og risikoprofil. Der var opposisjonen grunnleggjande usamde med fleirtalet, seier Tryggestad.

– Det er folket som må betale

Også Arbeidarpartiet er uroa for økonomien i Stranda. Like før valet gjekk ordførarkandidaten Arild Ringdal i spissen for å få gjennomført eit ekstraordinært kommunestyremøte for å bli orientert om den økonomiske utviklinga ved skianlegget på Strandafjellet.

Arild Ringdal

Arild Ringdal er ordførarkandidat for Arbeidarpartiet i Stranda.

Foto: Terje Reite / NRK

– Rekninga for dei store utgiftene blir send ut til folket. Kommunen må ta seg kraftig i nakken skal vi kome ned på beina. Opposisjonen har vore med på mange av vedtaka. Men vi har også anka fleire saker. Kommunen har ikkje ryggrad til å tole så mykje gjeld, seier Arild Ringdal i Arbeidarpartiet.

– Men kva er det de manglar pengar til?

Vi treng pengar til å yte tenester til innbyggjarane. Her er skular som skal renoverast. Vi treng fleire sjukeheimsplassar. Tenestene for psykisk utviklingshemma skulle ha vore betre. Det blir krevjande å halde standarden på tenestene. Vi skulle også hatt pengar på bok. Då hadde vi hatt ein valfridom som vi ikkje har no, seier Ringdal.

– Skulle likt å sjå Sve i opposisjon

Arild Ringdal teiknar også eit bilete av eit tøft miljø i kommunepolitikken i Stranda.

– Her er eit høgt tempo, og det har vore liten vilje til å debattere på ein måte som skulle føre til semje. Det har vore gjort investeringar utan å undersøkje følgjene. Det har ikkje vore tid til å bake inn realisme i prosjekta, seier Ringdal.

– Frank Sve kritiserer dykk for å kome med sur og øydeleggjande kritikk.

– Det er ikkje negativitet å ville ha betre skular og betre omsorg. Eg skulle likt å sjå Frank Sve i opposisjon. Han hadde aldri godteke slike politiske prosessar som dette. Då han var i opposisjon blei folk kritiserte nord og ned for langt mindre alvorlege saker enn dette, seier Ringdal.

– Vil gjere dette ferdig

Frank Sve peikar ivrig på alt han vil skape på Strandafjellet. Han peikar ut området der det skal kome fleirfaldige nye utleigehytter. Han viser fram hotelltomta. Og han fortel om visjonane kring den nye turisttrafikken til Stranafjellet. Fjellet skal ikkje berre bli for vinterturistar. Også cruiseturistane om sommaren skal fraktast til fjells.

– Eg vil stå på og gjere dette prosjektet ferdig. Det er derfor eg stiller opp. Det er dette folket i Stranda har bestilt. Det går skikkeleg gale om dei andre tek over. Dei er så negative. Dei har vist hundre prosent negativitet. Det vil ikkje gå, seier Frank Sve.

– Kva gjer du om folket i Stranda ikkje vil ha deg med vidare?

– Av og til har eg tenkt at det kanskje var best om eg vigde meg til fylkespolitikken på heiltid. Men det går ikkje. Dei som vil ta over anar ikkje kva dette går ut på. Dei veit ikkje kva arbeid som ligg bak, seier Sve.

– Korleis vil du reagere om opposisjonen sigrar?

– Vil ikkje folket i Stranda ha meg lenger, går eg ut av alle verv i Stranda. Då får dei andre gå inn og sjå kva som krevst. Eg skal ikkje site her og drive Strandafjellet om innbyggjarane vil ha meg vekk. Går eg ut av kommuneleiinga går eg ut av alt, seier Sve.

– Dei opna ikkje konvoluttane eingong

Frank Sve er svært kritisk til mange av politikarkollegaene sine i opposisjonspartia. Han skuldar dei også for å vere dårleg førebudde til møta.

– Eg har sett at dei møter utan å vere førebudde. Dei har ikkje lest dokumenta ein gong. Nokre har ikkje opna konvoluttane før dei kjem på møta. Og eg forstår ikkje at dei som rakkar ned på kommunen skal vere dei som skal vere best til å drive han, seier Sve.

Ventar med å selje skianleggetski-anlegget

Det mest kontroversielle lånet i Stranda kommune kunne ha vore fjerna ved eit eventuelt sal av Strandafjellet KF, som eig anlegget. Dette var også planen. Ifølgje dei første signala skulle salet vere godt i gang no.

– Salsprosessen er i gang. Han er ikkje stoppa. Men vi sel ikkje på billegsal. Målet er å selje oss ut. Men det er ikkje no vi får den beste prisen på anlegget, seier Sve.

SISTE FRÅ MØRE OG ROMSDAL